Når Amcar Storfjorden skal bidra til Ukraina, så er det sjølvsagt eit bilrelatert bidrag. Og om ein knapp månad sender dei frå seg ein bil som skal gå til dei ukrainske styrkene ved fronten.
Visepresident i den lokale amcarklubben, Espen Heitmann, fortel at han for ei tid tilbake vart kjent med ein ukrainar busett i Noreg som gjer det han kan for å støtte dei ukrainske styrkene.
– Oleksander Alokhin er frå Ukraina, men bur i Halden – han har det siste året aktivt jobba med å støtte ukrainske styrker med bilar og utstyr. Han har på eiga hand greidd å sende 20 bilar med utstyr frå Noreg nedover til Ukraina og eg tenkte som så at når han får til dette heilt åleine, så må det då vere mogleg for Amcar Storfjorden å bidra med noko, seier visepresidenten i amcarklubben.
Som tenkt, så gjort. Det var styremøte i klubben, og der var det fleirtal for at klubben skulle kjøpe ein bil, setje den i stand og sende den nedover til Alokhin – som klubbens bidrag til arbeidet han gjer med å skaffe køyretøy til dei ukrainske styrkene.
Omsorg på dugnad
Heitmann fortalde at dei fann ein eigna bil i Sykkylven, ein 2005 Suzuki Grand Vitara, som trong litt omsorg. Omsorg fekk bilen av ein dugnadsgjeng frå amcarklubben – før den vart køyrt til Ørskog Bilsenter AS for ny frontrute og fiksing av bremser.
Der er Suzukien no – ny frontrute har den fått, men bremsene stod att då Storfjordnytt var innom. Frode Dyrkorn hos Ørskog Bilsenter AS synest initiativet frå amcarklubben er svært godt, og ville gjerne vere med å bidra.
– Eg har eit litt spesielt forhold til Ukraina frå før, så eg veit at det er stort behov for også køyretøy. Då var det lett å seie ja til dette, seier han og fortel at med frontrute, bremser og arbeid vert bidraget frå Ørskog Bilsenter AS på om lag 12.000 kroner.
– Dette initiativet er veldig bra, og gutta ved fronten treng det dei kan få, seier han.
– Og vi i Amcar Storfjorden er svært takksame for denne generøse støtta, seier Heitmann.
Frakt av personell og utstyr
Denne bilen, til liks med dei andre bilane som har gått frå Halden og ned til Ukraina skal nyttast i fronten, til frakt av både personell og utstyr.
– Derfor er det bilar som denne Suzukien som er interessante, med firehjulstrekk og diesel. Bensinbilar er lite eigna på grunn av brann- og eksplosjonsfare, for desse bilane vert skotne på, seier Heitmann.
Håpar å sende ein full bil
No står altså bilen hos Ørskog Bilsenter og når den er ferdig der, vil den gå attende til amcarklubben slik at dei på dugnad kan gi den endå litt meir omsorg før den vert køyrt til Halden kring 10. april. I Halden vil den bli lakkert grøn – før det vert organisert med transport til Ukraina.
– Det hadde vore veldig stas om vi kunne sendt frå oss ein bil full av utstyr og anna som kan kome til nytte for karane som er ute i krigen, seier Heitmann som då tenkjer på ting som turmat, sjokolade, vintersoveposar og anna til vaksne. Han oppfordrar folk og bedrifter som gjerne vil vere med og bidra med slikt til å ta kontakt med han, slik at bilen, når ein kjem til 10. april, kan sendast nedover til Halden full av ting som kan vere til nytte og glede for dei ukrainske styrkene.
– Vi er takksame for all hjelp og støtte vi kan få til dette, avsluttar Heitmann – og oppmodar samtidig andre klubbar om å ta utfordringa og donere både køyretøy og utstyr.