I Fjord kommune var det ved valet i år 2022 stemmeberettiga. 462 personar har førehandssstemt, det vil seie at 32,6 prosent av dei stemmeberettiga har gjort det. Totalt har 66,2 prosent av dei stemmeberettiga brukt stemmeretten sin ved dette valet, det vil seie at halvparten av dei som stemte ved årets kommuneval i Fjord, førehandsstemte.
Senterpartiet har fått 41,8 prosent av stemmene, Høgre har fått 33,3 prosent. Sosialistisk Venstreparti har fått 9,7 prosent, Arbeidarpartiet 8,2 prosent og Framstegspartiet endar på 7,0 prosent av stemmene.
Størst framgang frå sist val er det Høgre og Senterpartiet som har med høvesvis 8,0 og 7,3 prosentpoeng, medan Arbeidarpartiet går mest tilbake, med heile 14,9 prosentpoeng.
Det gir denne mandatfordelinga:
Ti mandat = fleirtal
For å få fleirtal i kommunestyret, som i komande valperiode består av 19 representantar, må ein altså ha ti mandat. Det vil gå noko tid før det er avklart kven som samarbeider med kven – og ikkje minst, kven som endar opp som ordførar i Fjord kommune.
Reaksjonar frå listetoppane
Robert Bergerud, ordførarkandidat for Fjord Høgre, seier i ein kommentar til Storfjordnytt at han er nøgd med at Høgre har hatt framgang i Fjord.
– Og målet er å få utøvd politikken vi har gått til val på, seier han – og i det ligg det at det relativt kjapt vil bli tatt kontakt med dei andre partia for å sjå kven det er mogleg å samarbeide med.
Jens Aklestad, ordførarkandidat for Fjord Arbeidarparti, legg ikkje skjul på at han hadde ønskt seg eit betre valresultat.
– Men dette er berre ein klar indikasjon på at vi må få fleire unge inn i politikken, slår han fast.
Når det gjeld kven han kan tenkje seg å samarbeide med, svarar han at han i utgangspunktet er open for å snakke med alle, men at forhandlingsutvalet til Arbeidarpartiet må møtast for ein prat før ein kan ta stilling til vegen vidare.
Espen Heitmann, førstekandidat for Fjord Framstegsparti, er nøgd med å ha dobla gruppa si – frå éin til to representantar. Han er også nøgd med at Framstegspartiet gjer eit godt fylkestingsval. Når det gjeld kven han kan tenkje seg å samarbeide med, seier han at eit samarbeid med Høgre er det som i utgangspunktet fell seg mest naturleg.
– No må partia snakkast – og så får vi sjå, seier han.
Terese Jemtegård Moen, ordførarkandidat for Fjord Senterparti, seier at ho er strålande nøgd med valresultatet.
– Det gjekk over all forventning, eg vert rett og slett litt audmjuk, seier ho.
Så vert jobben framover å sjå om det kan dannast eit fleirtal – og sjølv om ho ikkje vil røpe kven som snakkar med kven, fortel ho at samtalane allereie har starta.
Dagrun Vikesland, førstekandidat for Fjord Sosialistisk Venstreparti, er også nøgd med valresultatet.
– Vi har framleis to inne i kommunestyret, det var målet vårt og det er veldig kjekt at vi greidde det, seier ho som også er nøgd med at valresultatet viser at det er eit raudgrønt fleirtal i Fjord.
– Og så gler vi oss naturlegvis med Rauma, seier ho som også er veldig nøgd med at SV har gjort eit godt val på landsbasis.
Fylkestingsvalet og Fjord
Når det gjeld fylkestingsvalet i Fjord at har 26,6 prosent stemt Senterpartiet, 21,6 prosent har stemt Framstegspartiet, 18,5 prosent har stemt Høgre og 12,7 prosent har stemt Arbeidarpartiet. Sosialistisk Venstreparti fekk 7,8 prosent, Industri- og Næringspartiet 3,2 prosent og Kristeleg Folkeparti 3,2 prosent. 16 stemmesetlar var blanke.
Saka vil bli oppdatert.