Litt før klokka 13 i dag kom det melding om at ei driftsbygning stod i brann – og brorparten av grisane i fjøsen er døde.
Det var grisefjøsen på Veiberg det dreide seg om – ingen personar var i fjøsen, men der var om lag 500 grisar. Då brannmanskapa kom til staden var heile fjøsen overtent, og det vart tidleg klart at fjøsen ikkje stod til å redde. Dermed konsentrerte ein seg i staden om å sørge for at brannen ikkje spreidde seg til dei to bustadhusa på garden.
Då Storfjordnytt kom på staden omtrent klokka 14, var fjøsen brent ned, men det ulma framleis her og der då lokalavisa reiste frå staden litt før klokka 16. Det vil føregå ettersløkking gjennom natta.
Politiet kom etter kvart på staden – og ifølgje dei vil det bli sett i gang etterforsking for å finne ut av kva som er årsaka til brannen. Likevel, det vil ta tid før kriminalteknikarar kan ta seg inn på staden og setje i gang med arbeidet. Oppgåva til dei to som kom til staden for litt sidan er å ta ein innleiande prat med dei som kan ha noko å bidra med av informasjon.
Fjord kommune har sett krisestab – og ordførar Terese Jemtegård Moen seier på spørsmål om kvifor ein har valt å gjere det at det gjeld å vere litt på alerten for å fange opp eventuelle behov dei som er berørte av brannen måtte ha.
– Dette er ei katastrofe for dei det gjeld og for oss i kommunen er det viktig å vere på staden for å ta vare på dei behova dei som er råka måtte ha, fortel ho.