Ifølgje funksjonærane som har vore på plass dei tre røystestadene i Fjord kommune, har det gjennom dagen vore eit jamnt sig med folk som vil røyste.
Ei som Storfjordnytt trefte på i eitt av røystelokala fortalde at ho har vore svært usikker på kva ho skulle røyste denne gongen – og vurderte å rett og slett røyste blankt.
– Men eg gjorde ikkje det då, sa ho etter å ha putta éin lyseblå og éin rosa røystesetel i urna.
Både i Stordalshallen, på Martin Linge-huset og i gymsalen ved Eidsdal skule var det tidvis kø for å kome inn i avlukka. Skal vi tru det betyr at valdeltakinga i Fjord er god denne gongen?
Då Storfjordnytt sin utsending var på veg til å forlate røystelokalet på Eidsdal skule, dukka ordførarkandidat for Fjord Høgre, Robert Bergerud, opp. Han let seg gjerne ta bilete av då han putta røystesetlane i urna. Han og fleire andre på Høgre-lista samlar seg til valvake i Stordal medan Senterpartiet er samla på Jemtegård.
Vi i Storfjordnytt skal gjere vårt beste for å halde dykk oppdaterte på valet – og litt over klokka 23 i kveld strøymer vi fylkesdebatten som NRK Møre og Romsdal og Sunnmørsposten samarbeider om. Lenke til debatten vert lagt ut litt seinare i kveld.