Det er meldt svært store nedbørsmengder måndag og tysdag også i vårt område – og 110-sentralen i Møre og Romsdal ber på X/Twitter folk om å førebu seg på nedbøren som er i vente.
Meteorologisk institutt melder at regnet mange stader vil vere det kraftigaste på 25 år. På Austlandet, nord for Oslo, samt dei austlegaste delane av gamle Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og sør i Trøndelag er det venta ekstreme mengder regn, 80-100 mm på 24 timar. Farevarslet gjeld frå måndag morgon til tysdag kveld.
Her på Indre, som ser ut til å liggje i utkanten av «Hans», ligg vi i grenseland mellom gult og oransje farevarsel for regn. Gult nivå betyr 40-60 mm på 24 timar, oransje nivå vil seie 60-80 mm på 24 timar. Dessutan er det oransje farevarsel for jord- og flaumskred, noko som betyr at det er stor fare for slike hendingar.
Nokre gode råd før det kjem store nedbørsmengder:
• Sørg for at avløp og kummar er opne slik at vatnet har fritt leide.
• Fjern store kvistar og gjenstandar som kan hindre fri vassførsel. Flytt dei til ein stad der dei ikkje kan bli tekne av vatnet.
• Rydd hagen for møblar, lause materialar, grill og gjenstandar som kan bli tekne av vatnet.
• Er det fare for at vatn kan kome inn i kjellar eller garasje, bør gjenstandar løftast opp frå golvet. Sett ting i hyller, reolar og plastboksar som toler vatn.
• Fjern lause tepper og anna laust golvbelegg.
• Lukk dører og vindauge til kjellar og loft. Dekk til med sandsekkar om naudsynt.
På https://varsom.no/flom-og-jordskred/om-flom-og-jordskred/rad-og-forebygging/rad-til-privatpersoner/ er det fleire gode råd og annan informasjon å finne.