Storfjordnytt byttar leverandør av abonnementssystem, det vil få nokre konsekvensar for de av dykk som les avisa digitalt.
Frå og med 1. desember byttar vi abonnementssystem. Igjen, vil kanskje nokon seie. Ja, vi gjer det igjen – men lovar at det vert leeeeenge til neste gong! Den løysinga vi nyttar i skrivande stund, vart rett og slett for dyr og for tungvint for oss. Den nye løysinga har fått særs gode skussmål frå gode avisvenner, så då hoppar vi i det og gjer det vi og.
Kva vil dette bety for deg?
I noverande system er den digitale tilgangen linka opp mot e-postadressa di. Frå og med 1. desember vert den digitale tilgangen linka mot mobilnummeret ditt. Det betyr at de må lage dykk eit nytt passord. Vi beklagar at de må gjennom den øvinga nok ein gong, men slik er det.
Alle som ligg inne med e-postadresse i dagens system vil i løpet av kort tid få ein e-post frå oss der de vert gjort merksame på endringa – og i e-posten vil det også vere ein knapp for å setje nytt passord. Denne e-posten er altså ikkje spam eller svindel.
Så kvar skjer etter 1. desember?
Frå og med 1. desember er vi altså i gang med nytt abonnementssystem. Får de problem med innlogging, ta kontakt med oss og så skal vi hjelpe så godt vi kan.
Abonnementsfakturaene vil også sjå litt annleis ut enn dei har gjort det siste året.
Nytt er det at det med det nye systemet vil vere høve å bruke vipps når de teiknar abonnement.