Eg viser til innlegget til Tor Waaler frå 29. juni om Raudbergvika og arbeidsplassar.
Då eg starta Hofseth for litt over 20 år sidan, var målet mitt å byggje opp eit sterkt sjømatselskap på Sunnmøre. Det har vi oppnådd; i dag er Hofseth ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Lokal verdiskaping er framleis vår viktigaste drivkraft, og vi er heilt avhengige av å tene pengar for å kunne utvikle eit solid sjømatselskap som kan skape arbeid og inntekter i generasjonar framover. Hofseth er ein stor aktør innan foredling, men ein liten oppdrettar målt etter norske standardar.
For å sikre ei heil verdikjede i matproduksjonen på Sunnmøre, er vi opptekne av å utvide oppdrettsaktiviteten vår lokalt. Vi meiner at veksten i oppdrett bør skje i lukka anlegg, for å hindre luseproblem, sikre mot rømming og nytte avfall frå produksjonen som ressurs. I Raudbergvika kan vi bruke eit allereie eksisterande industriområde til å produsere mest mogleg mat med minst mogleg påverknad på naturen.
Det er godt dokumentert at utsleppa ikkje vil skade livet i fjorden. Dokumentasjonen byggjer på faglege vurderingar frå fire anerkjende faginstitusjonar, i tillegg til fagrapportar og faktagrunnlag frå Havforskingsinstituttet, som sit på den beste kunnskapen i Noreg om næringsstoff og marine økosystem. Prosjektet har sterk demokratisk støtte både lokalt og regionalt på grunn av god dokumentasjon og dei store positive ringverknadene det vil ha for samfunnet.
Vi har allereie eit postsmoltanlegg for produksjon av ørret og laks på land i Tafjord. Tafjord Settefisk har vist seg å vere ein svært attraktiv arbeidsplass for unge folk, med mange tilsette frå nærområdet. Når vi får bygd anlegget vårt i Raudbergvika, vil det gi mellom 2-300 arbeidsplassar. Dette vil utvilsamt vidare gi store ringverknader i både Fjord og omkringliggjande kommunar.
Vi har no svært kompetente tilsette både i Tafjorden, Storfjorden, Ålesund, på Syvde og Valderøya, som alle bidreg positivt kvar einaste dag. Vi har investert meir enn vi har tent, men har samtidig bygd opp eit solid fundament for framtida. Satsinga i Raudbergvika er stor og viktig for Fjord kommune, det er den også for oss.
Her kjem svar på dine to siste spørsmål: Har det blitt inngått avtale om deponering av dei enorme sprengemassane?
Nei, det er for tidleg i prosessen til at ein slik avtale kan kome på plass. Det er ein grense for kor mykje pengar vi kan bruke før vi har løyve til å byggje. No må vi først få godkjent områdeplanen. Etter det startar arbeidet med reguleringsplanen. Der vil det kome krav i massehandteringsplanen om at massane skal nyttast til godkjende prosjekter. Interessa for slike massar er stor, så vi er trygge på at dei kan nyttast samfunnsmessig fornuftig.
Kor mange fast tilsette i Raudbergvika forventar de vil bu der og dermed betale skatt til Fjord kommune etter anleggsperioden? Vi reknar med å trenge mellom 2-300 tilsette i Raudbergvika. Kor mange av dei som vil bu i Fjord kommune er på det noverande tidspunktet svært vanskeleg å gi svar på. Men, her inne er det både vakkert og betre temperaturar på sommaren enn ute på Ellingsøya der eg bur, så med å skape fleire attraktive arbeidsplassar vil Raudbergvika-prosjektet hjelpe Fjord kommune godt i arbeidet med å snu ein negativ befolkningsvekst. Meir informasjon om saka finn du på raudbergvika.no