– I utgangspunktet er det fem menneske som vil dele sin tankar gjennom kåseri, songar og betraktningar. I tillegg vil samtalane som kjem ut av det sosiale møtepunktet fredag 2. og laurdag 3. februar på Paktarstova i Norddal vere med å fylle på. Det vert òg ei lita bilet- og tekstutstilling i tillegg til to videoar av Eirik Havnes. Tanken er òg at publikum kan få høyre om korleis diktet eller songen vart til og kvifor.
Det seier Else Ragni Yttredal som er den som har dratt i gang denne vesle festivalen saman med Alfred Nilsen. Begge dei vil dele sine tankar, musikk og tekster i tillegg til mellom anna Gro Nesse Bremer. Song og musikk har ho drive med så lenge ho kan hugse. Konsertar og oppdrag – i mange ulike sjangrar. Og så skriv ho; tekstar, melodiar, små dikt og kåseri. Marion Dyrvik frå Eidsdal skal bruke stemma si og tekstane sine. Professor Øivind Strand skal presentere «Bærekraftverket».
Fredag vert det pub og enkel servering og laurdag vert det kafé. På plakatar og deling i sosiale media kan du finne fullstendig program til «Den vesle tekst og tankefestivalen».
«Å røre eit anna menneske med musikk – det er sterkt – å få formidle gjennom tonar og tekst, det er alltid like spennande og noko av det finaste eg veit. No gleder eg meg til å få dele både musikk og forteljing med dykk – eg vonar du kjem!» Klem frå Gro Nesse Bremer.
Paktarstova i Norddal
Små og store tankar i ei lita stova der ungdomslaget Dag ein gong heldt til. Dag hadde eit skrift dei kalla Torvløysa, oppattkalla etter det høge fjellet i bygda. Ungdomslaget si ånd var å la ungdomen i bygda utvikle seg kreativt og lære seg å skrive gjennom Torvløysa. Det har gitt resultat om vi ser oss attende.
Sigholt Leonard Næss (1899-1904) var ein avhalden prest, særleg mellom ungdomen. Han starta saman med kona Elise Ungdomslaget ”Dag” i 1899 som det fyrste frilynde laget i kommunen. Han opna prestestova for lagsmøte og festar. Han var den fyrste presten som brukte nynorsk, og var elles ein ivrig skribent. (Arne Nydal).
Så ein tekst- og tankefestival i eit slik stove er naturleg og arrangørane lover å gjere det dei kan for at folk skal få gode og utfordrande opplevingar på Paktarstova i Norddal fredag 2. og laurdag 3. februar.