– og politikarane er usikre på kvar dei er…
Kjøkkenet på Stordalstunet er no lagt ned. Middag vert frakta dit og til heimebuande i Stordal og på Dyrkorn frå Valldal sjukeheim sitt kjøkken.
Ifølgje kommunalsjef Gravdal, skal eining for demente i Valldal flyttast til Stordal innan 1. september 2024.
I kommunestyresalen før påske fekk vi eit lite innblikk om kor lite denne saka er forankra. Kommunedirektøren informerte om prosessen i Fjord fremover. At det er krevjande å få kommunebudsjettet i balanse framover er det ingen tvil om. Det vart gitt ei god, klar og tydeleg melding frå kommunedirektøren.
Det var eit oversendingsforslag frå Høgre om å sette saken om endringar i pleie og omsorg i bero, for ei konsekvensutgreiing av vedtaket. Så kom det eit felles forslag frå Ap, Sp og Sv som var ganske likt; har dei ansatte og tillitsvalgte vore tatt med i stor nok grad i prosessen om dementavdeling og kjøkken i pleie og omsorg? Lurte dei på!
Kommunaldirektøren og kommunalsjefen uttrykker då at dei er overraska, spesielt forslaget frå posisjonen og innhaldet i forslaget. Etter kvart kom det også nokre politikarar med undringer. Nokre visste ikkje at kjøkkenet allereie var lagt ned.
Administrasjonen og dei tillitsvalde oppfattar prosessen fundamentalt ulikt. Ei slik usemje og konflikt kjem ikkje i et vakuum. Noko har gått galt. Sidan kun kommunalsjef og ikkje nokon frå dei ansatte kunne uttale seg, vart det eit ubehagelig skode. Respekt for tillitsvalgte og ansatte viste han lite av. Alle er informert og involvert er hans oppfatning. Dei tillitsvalgte seier det motsette. Han meinte at dei ansatte kanskje hadde tunnelsyn for endringar.
For ei eining som har stått i limbo dei siste tiåra, med innsparingar og endringar, kunne det knapt ha vore meir respektlaust. Ein ting er klar: administrasjonen og tillitsvalde er her på kvar sin planet.
I kommunestyresalen fekk vi stort sett berre administrasjonen si oppleving av saken. Status quo er heller ikkje det dei ansatte vil ha. Dei vil vere med i prosessen! Er det nokon som forstår og kjenner på kroppen utfordringane, så er det dei som kvar dag står i det. Utfordringane kjem ikkje snart, dei er her med full styrke allereie.
Under valkampen hadde eg eit innlegg i SN, der eg utrykte bekymring om kunnskapen til våre politikarar om pleie og omsorgssektoren.
Når Ap, SP og SV fremmer eit felles forslag, men trekker det på grunn av at dei kanskje er usamde med eige forslag, kan ein berre sukke litt høgt. Så stemmer dei ned oversendingsforslaget, mot H og Frp sine stemmer.
Håpar inderleg at både administrasjonen, fagforeningane og politikarane i framtida forankrar slike tøffe vedtak, eininge eller ikkje. Endringsprosessane vert garantert enklare om saka er utgreidd, og alle partar har fått høve til å seie sitt.