Tysdag 13. februar vart årsmøtet halde på frivilligsentralen i Stordal med godt frammøte. Styreleiar Anna Margrethe Drægebø ønskte velkommen og opna møtet. Alle frammøtte fekk utdelt årsmøtedokumenta i papirform. Dei vart også lagt «opp på veggen» etter kvart som sakene vart behandla. Etter godkjenning av innkallinga og dagsorden vart Ingrid Løset valt til møteleiar og Anna Margrethe til protokollskrivar. Møteleiar gjekk vidare med opninga av årsmøtet, der Bjørnar Midtbust og Kirsten Ludvigsen vart valt til protokollunderskrivarar. Teljekorps vart også valt, og besto av Bjørg Hjelmseth, May Britt Stavseng og Randi Malm.
Leiar las årsmeldinga som var fyldig og synte god og allsidig aktivitet. Det vart opna for spørsmål/kommentarar før den vart godkjent av årsmøtet. Rekneskapen som vart gjennomgått av leiar, synte god økonomisk styring. Møteleiar opna for spørsmål/kommentarar før årsmøtet slutta seg til styret si innstilling om å godkjenne årsmeldinga.
I alle år har det ikkje vore betalt honorar til styret. Styret innstilte på at det framleis ikkje skal betalast honorar. Noko årsmøtet slutta seg til. Som vanleg har medlemmane høve til å spele inn saker til styret to veker før årsmøtet. Ingen saker kom inn. Neste sak var handlingsprogram fram til neste årsmøte. Den har overskrifta: Samhandle – inkludere – påvirke – skulere. Årsmøtet vedtok styret sitt forslag til gjeremål. Deretter var det behandling av retningsgjevande budsjett for 2024 med inntekt på 93.000 kroner og driftsutgift på 118.000 kroner. Ein vil bruke 25.000 kroner av kapitalen for å styrke sosiale aktivitetar. Framlegget vart vedteke.
Siste post på årsmøta er val. Dei som stod på val, stilte på att og styret fekk slik samansetjing:
• Anna Margrethe Drægebø Moe, leiar
• Jorunn Vestre – kasserar, 2 år
• Torill Sandvik
• Marit Abelvik, 2 år
• Varamedlemmer: 1. Ingebjørg Vestre 2. Arna Øvrebust. (1 år).
Revisorane, Reidun Torpe Langhaug og Torbjørn Hove vart attvalde (1 år).
Valnemnda fekk litt endring og vart slik: Brit Skjelten, Anne Jorunn Nilsen og Randi Vestre (1 år).
Elles vart det valt seks delegatar med seks varamedlemmer i rekkefølgje til fylkesårsmøtet som vert halde 20. april i Molde.
Alle vedtak var samrøystes.
På Mental Helse Fjord si nettside, under dokument, finn du dokument frå årsmøtet, og kan lese meir.