Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Beklager

I forbindelse med budsjettdebatten i forrige kommunestyremøte, kom eg med ein noko spontan uttale angåande det ekstremt høge sjukefråveret i kommunen, der eg bad dei ansatte om ein dugnad for Fjord kommune.

Saken fortset etter annonsa

Eg skal ærleg innrømme at det høyrdest betre ut inni hovudet mitt enn korleis det kom ut. Eg sa: «eg ynskjer sjølvsagt ikkje at nokon skal gå på jobb om dei er sjuke, men om du har litt «vondt i vilja» ein dag så»…. Det var altså ikkje eit angrep på dei sjuke, men ein klønete påstand om at nokre tilsette i Fjord kommune held seg heime sjølv om dei ikkje er sjuke (nok). Og sjølv om eg føler at terskelen for å halde seg heime frå arbeid i Norge er for lav, ser eg at uttalen kan skape mistenkeliggjering, kanskje spesielt mot folk med usynlege sjukdommar, og ikkje i det heile tatt høyrer heime frå talarstolen i kommunestyret.

Eg beklaga uttalen til kommunedirektøren rett etter møtet, og ynskjer no å beklage til dei tilsette i Fjord kommune.

Mvh,
Claus Hoff