Bjørnson var diktaren og samfunnsdebattanten som ville «dikte et nytt og betre Norge». Som skapte ein visjon av «Det Nye Norge», då vi var i union med Sverige. Han teikna eit framtidsbilde som sette kveik i ein heil nasjon, og som la grunnlaget for unionsoppløysinga. Han var ein reformator. Utan han, er det tvilsamt om Norge hadde oppstått som eit sjølvstendig rike i 1905.
I dag står landet overfor ei anna utfordring. Det er kampen mot «bygdedøden» og krattet. Igjen handlar det om dei lange linjene. Om kva land vi skal ha i framtida. Om korleis vi riggar oss for å kunne leve sunne og gode liv i samspel med natur og miljø.
Eg har eg ikkje møtt ein einaste veljar som ber om å få svenske tilstandar på den norske landsbygda. Om at skulen skal leggjast ned. Om at butikken skal stenge. Likevel sit politikarar flest pikkande stille i båten og let dette skje.
Profetien om bygdedød frå Victor Norman og demografikommisjonen, treng ikkje gå i oppfylling. Det skjer berre viss marknadskreftene får fritt spelerom. Politikarane på stortinget kan bremse og snu straumen. Det har dei gjort før. På 1950-talet vart det inngått breie politiske forlik om å satse på distrikta. Sverige let marknadskreftene styre. Avfolking av landsbygda vart resultatet.
Det står ikkje på pengar. Kvar nordmann er god for over 3 millionar kroner i Oljefondet. Likevel er ikkje rikdom åleine grunn god nok til ruste opp distrikta. Ein redningsaksjon kan ikkje baserast på subsidiar. Den må ligge rasjonelle argument til grunn. Det må vere lønsamt sett i eit samfunnsperspektiv.
Målestaven for verdiar og lønsemd er kroner og øre. Problemet i dag er, at mange «bygde-aktiva» ikkje er prisa på ein slik måte at dei kan leggast inn i rekneark. Difor gir nasjonalbudsjettet eit skeivt bilde av kva levande bygder betyr for drifta av Norge. Vidare er det ei «feilkjelde» at den viktigaste måleininga, dvs. nasjonalproduktet, ikkje måler livskvalitet. Det einaste reelle kvalitetsmålet! Livskvalitet er «meirverdiar» av typen tryggheit, bo-miljø, trivsel, kontakt med medmenneske, med dyr og med natur. Her har bygdene eit konkurransefortrinn.
I tillegg finst det ei rekke næringsrelaterte argument for å oppretthalde eit desentralisert busettingsmønster. Korleis kunne vi til dømes utvinne råvarer utan fast busetnad nær det der dette skjer? Råvarer som er Norge sin grunnkapital. Det handlar om olje og gass. Om metall og tømmer. Om alle typar sjømat. Om vasskraft og vindkraft. Om landbruk. Om turisme. Det finst svært lite av alt dette i byane.
Likevel er det i byane at tyngda av arbeidsplassar er plasserte. I vårt fulldigitaliserte samfunn, er det mogleg, viss det finst vilje, å flytte mange arbeidsplassar tilbake dit verdiane vert skapte. Pandemien har vist oss, at det ofte kan vere vel så effektivt å jobbe frå heimekontor.
Omsynet til totalberedskapen er likevel kronargument for busetting i heile landet. I tider med krig og krise, kan levande bygder vere viktigare enn våpen, seier den profilerte norsk generalen, Robert Mood. Særleg viktig er det, at det vert produsert mat over alt. Skal det vere mogleg i framtida, krevst det ei endring i landbrukspolitikken. Professor Reidar Almås går langt i å foreslå, at «bygdene må produsere småbruk, når det er småbruk folk vil ha».
Ikkje minst er fast busetnad i heile landet ein føresetnad for å utvikle naturbasert turisme. Ei vekstnæring med nesten grenselause moglegheiter. I dag finst det 8,2 milliardar menneske på kloden, og fleire og fleire av desse vil ut på tur og sjå det grommaste av det gromme. Mykje av det finst i Norge. Som god plass, fredelege omgivnader, temperert klima, tryggleik, vakker natur, spesielle fenomen som nordlys, isbrear, reinsdyr, fjordar og midnattssol. For ikkje å snakke om velpleia kulturlandskap halde i hevd av bufaste bønder som i tillegg leverer infrastruktur og arbeidskraft til turistindustrien.
Ved å stimulere til meir spreidd busetnad, reduserer ein og mange problem som er ei naturleg følgje av urbanisering. Døme på dette er kødanning, luftforureining, rusmiljø, og organisert kriminalitet. Sterk sentralisering er og inflasjonsdrivande. Det gjer det vanskeleg for ungdom å kome inn i bustadmarknaden.
Det er ei utfordring å sette «rett kronebeløp» på alle dei immaterielle verdiane som er nemnde ovanfor. Verdiar vi ikkje kan «legge handa» på, men som vi må erkjenne finst, og som høyrer naturleg heime i eit budsjettoppsett. Kanskje må vi sette ein ny verdikommisjon på saka? Men den dagen talla ligg i reknearket, vil flyttestraumen snu av seg sjølv.
Eg saknar nokon som vil gå i front og løfte fram desse perspektiva. Som vil ta kampen slik at krattet ikkje tek glansen av det vakre landet vårt. Ein reformator. Ein som har kraft, mot og vidsyn til å sette ein ny kurs for Bygde-Norge. Ein ny Bjørnstjerne Bjørnson som kan dikte «Det Gode Norge» anno 2050.