Eidsvatnet og Svora er min sommardraum. Frå eg var 4-5 år, og fram til eg var 18-19, var Svora Camping og Eidsvatnet plassen min frå pinsa og utover sommaren.
Då eg vart vaksen, var det ei glede for meg å ta med eldste guten dit. Siden har fleire av mine blitt introdusert til mitt barndoms rike. Gode vennar og slektningar her eg også lokka dit. No har eg heldigvis ein nydelig ektefelle som bringer meg dit når eg treng det.
Første åra, har eg blitt fortalt, at eg sov i skuffa under senga i hytte nr 1. Etter kvart som åra gjekk trur eg at eg har overnatta i dei fleste hyttene på Svora. Det var ein trygg,fin plass for ein bygut.
Mine besteforeldre budde på Svora det meste av sommaren. Etter kvart fekk dei campingvogn og ”bygde” sin eigen plass. Rett ved steinen. Torviks plass kalte vi den. I vogna nedenfor hadde familien Johansen si vogn. Johansen og Torvik blei svært gode vennar.
Bestefar, Bette som vi barnebarna kalte han, var ein god mann. Vi saknar han. Han tok imot turistar og synte dei hytter, teltplass og sanitæranlegg. På alle språk. Han kunne berre Ålesundsk. Men det ordna seg som regel. Mange aurer har blitt bytta mot litt tysk øl og dram. Det var ei sann glede å sjå postmannen frå Skarbøvika hjelpe turistar, fôre koppelam og sjå gleda han og farmor hadde, berre ved å være der.
I dag er Svora Camping blitt til eit flott hyttefelt. Heldige hytteeigarar nyttar plassen, og gjer at Svora ikkje gror att og forsvinn. Eigaren av Svora var Einar. Hugsa han kom i peugeoten sin på kaffi. Ein flott stødig kar hugsar eg at eg tenkte. Slike hadde vi ikkje i Spjelkavika, trur eg. Etter han gjekk bort dreiv familien det vidare. Mine besteforeldre satte svært stor pris på dei.
Då bestemor lå på dødsleiet, ba ho meg ringe til Asbjørn og Anne og fortelje at no var hennar reise over. Asbjørn og Anne har også eit par døtre. Etter kvart som femåringen vart eldre, så vart akkurat det litt spennande. Ein ekte sommarforelsking. Ein dag skal eg tore å spørje om eg hadde sjans. Men som den beskjedne byguten eg var, torde eg aldri anna enn bare å sjå og smile flaut.
Der var kiosk og pensjonat ved vatnet. Pensjonatet brukte min oldefar som sin heim når han var i Eidsdal. Hytte eller vogn blei litt komplisert når ein var 80+ år. I kjellaren var der ei kioskluke. Ei dørklokke trykte vi på, og snart kom kioskeigaren i store støvlar labbande rundt hjørnet, og selde oss det vi trong. Fox, potetgull ,ostepop og sjokolade. Hugsar fiskekortet, ei vakker løkkeskrift, sakte men sikkert,med blyant som fortalde oss at no kunne vi fiske. Hugsar at vi helste på han i Ålesund. Bussjåføren på vareruta.
Var eg heldig trefte vi kanskje Ingar, som sjølv for ein herda, men beskjeden gut frå Spjelkavik syntest var ganske kul. Han hadde den tøffeste sølvfarga racersykkel som ein kunne få, trur eg. Fortsatt føler eg glede kvar gong eg er der. Litt vemodig også. Bette, farmor, campingvogna og Johansen med frue(Svanhild), grusvegen, dei små hyttene, pensjonatet, kioskluka og farmor sin middag er ikkje der no. Og løkkeskrifta på fiskekortet er bytta ut med ein Vipps. Den gong då, trudde eg det handla om fisking, no skjønar eg at det var så mykje mykje meir.
Heldige er vi som kan sakne, og sjå tilbake med eit varmt hjarte. Minnene, dei er der, spikra i hjernebarken, i heile meg frå Svora og Eidsvatnet, den suverent vakraste plassen på jord.
Det er å gå inn i sommarferien med berre fine minne og leggje alt det andre til sides ein liten stund. I ei verd der det meste går gale, trur eg at slike minne er gull verdt!