I årevis bar Lena Tronstad på ein draum om å reise til Svalbard. For eit par år sidan bestemte ho seg, drog dit og budde der i halvtanna år. Ho jobba hos Longyearbyen lokalstyre som tilsvarar ein kommune på fastlandet. På fritida nytta ho tida til å oppleve både naturen, frilufts- og kulturlivet på øygruppa. Ho hadde mange spennande og utfordrande opplevingar.
Komande tysdag vil Lena dele av opplevingane sine. Ho vil syne bilde og fortelje om den arktiske øygruppa som ligg om lag midt mellom Noreg og Nordpolen. Mental Helse Fjord er arrangør av møtet med Svalbard som tema på Stordal frivilligsentral. Sjå annonse i dagens avis. Enkel servering. Alle er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med deg nokon!