Den 8. februar skal kommunestyret i Fjord ta ei viktig avgjerd – ei avgjerd som vil bety svært mykje for den vidare utviklinga i bygdene våre i åra framover. Dei aller fleste er nok samde i at det vi verkeleg treng i Fjord kommune er fleire som vil busette seg her og at næringslivet skal utvikle seg i ei positiv retning.
Det er svært krevjande tider for mykje av næringslivet som vi i dag har i vår kommune. Då er det svært trist at det kan gå mot at eit fleirtal i kommunestyret vil gjere Fjord kommune til ei av dei mest næringsfiendtlege kommunane i vår region. Fjord kommune har i dag maksimalsats på 7 promille på kraftverk, linjenett og oppdrettsanlegg i sjø, det vil bli satsen også for all anna næring frå 2025. Ein lågare sats vil gi store tap på den eigedomsskatten som kommunen allereie krev inn i dag. 1 promille ned på denne satsen vil gi redusert inntekt på ca. 2,1 millionar kroner på eksisterande eigedomsskatt. Kommunen kan, i lys av dette, ikkje velje ulik sats på ulik næring.
Sjeldan høyrer ein om kommunar som har nok pengar til drift og investering og det er nok dei som kan seie dette med større tyngde enn det Fjord kommune kan. Budsjett for 2024 har ein auke i inntekter frå 2023 på om lag 30 millionar kroner.
I tillegg til dei vanlege rammeoverføringane som blir tildelt kommunane, forventar Fjord kommune tilleggsinntekter på 50-60 millionar kroner i 2024. Dei største postane er eigedomskatten på kraftverk, linjenett og oppdrettsanlegg (ca. 21 millionar kroner) og gevinst på sal av konsesjonskraft (ca. 20 millionar kroner).
Forventa tilleggsinntekt på å utvide eigedomskatten til å gjelde all næring er forventa å bli 2-4 millionar kroner frå år 2025.
For Fjord kommune utgjer dette berre 0,5-1,0 prosent auke i inntekter. For den verksemda som strevar med å få positivt resultat og ikkje minst berge lokale arbeidsplassar, kan denne ekstra belastinga bli det som «set kroken på døra». Gløym heller ikkje at fråvær av eigedomsskatt på delar av næringslivet kan vere eit viktig argument for å skape ny næring og fleire arbeidsplassar i Fjord kommune.
Vårt spørsmål vert då kva retning ynskjer politikarane i Fjord kommune å gå?
Eit samfunn med positiv næringsutvikling, der nye arbeidsplassar vert skapt, eksisterande vert styrka, busetjing og folketalsauke vert resultat?
Alternativet kan fort bli konkursar, tap av arbeidsplassar, flytting av verksemder, skrinlegging av nyetableringar og eit dårleg omdøme for Fjord kommune.
Er valet så vanskeleg?
Leif Rune Vinje
Harry Tøsse
Charles Tøsse