Eystein Hjelme har tatt oss på ordet etter at vi for eit par veker sidan lurte på om nokon der ute har historiar knytt til Uribrua som i år kan notere seg for 100 års teneste. Her har han mimra litt om brua.
Dette uttrykket nytta vi i enkelte høve, vi av årgang 1944 fekk eit nært forhold til elva og brua etter at vi starta på Uriskulen i 1951. Her var vi fram til hausten 1954 då skulen i Syltemoa var ferdig.
Skulen var den gong todelt med 1-2-3-klasse i kjellaren og 4-5-6-7-klasse samla oppe. Lærarane Magrethe Øyen var i kjellaren og Lars Ødegård var oppe. I tillegg meiner eg at Asbjørg Rørstad var der ein kortare periode. Då som no, det var ikkje alltid like enkelt å vere lærar. Ein gong Magrethe skulle irettesette ein av gutane fekk ho spørsmålet attende: «Bysta du deg islhje morrrr»?
Men det var brua og elva det skulle handle om her. Begge deler vart fort den store leikeplassen, i allefall i storfriminuttet. Og som leikeplass er eg framleis sikker på at begge er EU godkjente!
Vinterelv:
Fyrst litt om elva, vintersdag var den eit eventyr, ofte med is i 2-3 etasjar, så her kunne vi boltre oss lenge på fårleg ekspedisjonar i gangar og holrom, som vatnet hadde laga. – Våte vart vi aldri…
Sommarelv:
Ballar var verdfulle, men likevel reiste dei på elva. Ein gong sprang noken av oss heilt til Djupøyna før ballen endeleg hamna i ei bakevje så vi nådde han, men dette var før sveittelukta var oppfunnen det! Lars godtok forklaringa om orsaka til fråværet.
Brua:
Brua vart eit mykje nytta klatrestativ, men om vi hadde løyve å nytte den til det, ja det er forlengst gått i gløymeboka.
Meiner bestemt at både Magrethe og Lars var etter oss og nekta bruk av brua som leikeplassen, men då som no, mykje er så lett å gløyme.
Dei om lag 40 centimeter breie brubogane var kjempefine å springe over på, og i tillegg gav dei fin trening av balansenerven. Noko for Jordbærdilten ved hundreårsmarkeringa?
Bogane er elles svært fine til å sykle over på, så slapp ein å nytte sjølve brua, med dei fårene det medfører.
Og fårleg og smal er brua, og vegen hadde 80-sone den gongen.
Ein bilførar fortalde meg at gamle Nils Myklebust, som var ute med krokastaven på søndagsturen, vart passert av to møtande bilar samstundes. Dei slakka visstnok ikkje på farta heller.
Brua har sikkert krympa sidan den gong, trur no eg.
Brua kunne vorte historie to gongar i desse åra:
I 1953, under stor-flaumen, var vi elevar ved Uriskulen. Den gongen måtte vi gå på skulen, og dette var ikkje problemfritt, vel komne heim på Tegane hadde elva reist med vegen ved Hansfurua, og vi måtte vasse opp vegen til Kirsten og Hauk Andersen, gjennom hagen der og så skogleies heilt til vi kom oss inn på skulen. Elva hadde då hatt berre om lag 50 centimeter igjen før den nådde opp til brua, og der var folk som stod klar med bukkar for å stenge av vegen, om brua reiste.
«Sprenging (nesten) av brua».
Mellom 1955-1960 var der ein periode der alle gutungane dreiv eksperimentering med sprengstoff og rakettdrivstoff. Det aller meste var lokalprodusert, men ikkje ufårleg for det. Sjølv hadde eg både ein rakettdriven båt og prøva meg i tillegg på månefart. Men då eg såg denne siste forsvinne over Døvingsheia, tok fornuften tak i karen og vart vidare forskning vart lagt på is.
Men attende til brua, her i denne er det dreneringshol ned i elva, under var der i si tid ein fin laksehøl. Ei etter måten kort brennande lunte på ei heller kraftig ladning vart putta ned eit av desse hola, og stod fast. Men ein kjapp kar med ein stav fekk det heile gjennom og laddninga gjekk i elva… Heldigvis!