Eidsdal og Norddal pensjonistlag hadde pynta Kjellarstova til fest fredag 6. desember. 50 personar hadde meldt seg på, og nesten alle møtte fram. Sjukdom kan vi ikkje bestemme over dessverre. Det var, som ein seier om ungane på julefest: dei kom med tindrande auge!
Festen vart opna med å ønske velkomen og Nabolaget diska opp med «Når lysene tennes der hjemme». Ein strålande fin og varm melodi og song, etterfulgt meir musikk.
Wenche ønskte velkomen til all fine folka, og spesielt til dagens gjest, Jon Per Rødseth (Post-Jon).
Wenche las eit dikt av Jostein Kvithaug; «Feil diagnose». Vidare utover festen vart det fleire dikt av same mannen; «Jul allikevel» og «Pensjonistvask», sistnemnte fekk lattermusklane i gang, det var kjekt.
Nabolaget krydra festen med mykje fin musikk, både julesongar som vi song med på og berre musikalske melodiar. Vi song «Stille Natt», «Julekveldsvisa», «Nordnorsk julesalme», «Romjulsdrøm» og kanskje fleire.
Middagen vart servert, lammesteik, fløytegratinerte poteter og meir til. Milde måne kor godt, det var slik som kjerringa sa då ho fekk smørgraut: «Ei trur ei svel`tunga mi, så godt var det.» Takk til Jannike, Kirsti og Ranveig.
Etter at middagen var inntatt, var det Post-Jon sin tur. Han diska opp med mange fine bilete, ein brøkdel av bildesamlinga hans, som er mange, mange tusen etter kva eg forsto. Det var bilete frå 1975 og framover i tid. Der var fleire av gjestane som fekk sjå seg sjølve på lerretet, og mange kjende ansikt. Dette vart ei triveleg stund, folk kosa seg og tida flaug. Jon vart ønskt attende ein anna gong og det kunne no hende vi fekk ynskje vårt oppfylt. Tusen takk til vår kjære postmann som var ein gong.
Etter litt musikk var det tid for kaffi og eit innhaldsrikt dessertbord. Kjempegodt var det, og det trur eg fleire var einige i, for fat og skåler vart i alle fall tomme.
Åresalet gjekk godt, så det vart ein slant ekstra til våre strålande kjekke musikarar. Det er dei ærleg fortent, vi veit ikkje kor heldige vi er som har desse karane.
Litt info vart det også tid til. Vonar alle likte seg, det gjorde i alle fall eg og dei andre i styret.
Vil ynskje alle ei god julehelg, og så møtes vi på nyåret.
Varm juleklem frå Wenche og resten av gjengen