Det er kanskje mange i samfunnet vårt som ikkje kjenner til denne samfunnsnyttige foreininga som landet over har nesten 30 tusen medlemmar. Utan at det er så mykje blest om det legg dei mange medlemmane ned eit stort arbeid. Om kva? – For å ta fram forslag og tilrettelegge for løysingar for at liva skal bli betre for dei av oss som treng hjelp når vi treng det? Så enkelt kan det seiast.
Vi snakkar gjerne om vår felles folkehelse. Frå tid til annan kjem mange av oss ut for situasjonar der livet vert vanskelegare. Grunnane kan vera mange – som alder, sjukdom og ulukker. Det kan vera ulike pandemiar som frå ti-år til ti-år herjar ute i verda – av og til kjem slike også i Noreg. Alle kjenner til “svartedauen” midt i 1350-åra. Lepra-spedalske høyrde og til folkesjukdomane i Noreg i gamal tid. Vi hadde fleire koppeepidemiar – rundt 1780 herja “koppar”-sjukdom i mange romsdalsbygder – med mange som døydde, særleg småbarn.
Det vart utvikla ei vaksine mot denne sjukdonmen så tidleg som i 1811 – etter kvart vart vaksinering – “koppe-indpodning” sett i gang over heile landet.
Vi tek her til å forstå betydninga av uttrykket “folkehelsa”. Det vart etter kvart mange av dei i den tida som kom til å arbeida for “folkehelsa” – utan noko meir vesen om det. I gamal tid var det snakk om å hjelpe kvarandre så godt dei kunne, med det vesle dei hadde.
I 1812 vart “difteri” omtala i landet – og frå 1850-åra herja sjukdommen med fleire epidemiar.
“Tyfoid-feber” har vi hatt i landet i fleire hundre år. I 1903 var det store epidemiar i Romsdal. I ein medisinal rapport frå 1903 vert Tresfjorden omtala som “et tyfusrede”.
På 1920 talet herja spanskesyka over heile landet – mange døydde – ofte yngre folk.
Poliomyelitt vart fyrst omtala i Odalen i 1868 og fram til 1957 tok denne sjukdomen livet til mange – mange vart invalidiserte. I året 1957 vart denne sjukdomen stoppa med ei effektiv vaksine som vart utvikla.
Vi kjenner til mange andre sjukdomar og epidemiar og vi kan nemne skarlagensfeber, meslingar og kikhoste – og seinare og hiv-AIDS. Og den aller siste store epidemien: koronaen. Det er ingen grunn til å tru at dette vert den siste epidemien som rammar oss, det finst fleire som “lurer” på oss – som fugleinfluensa og svinepest.
Ut frå denne innleiinga forstår vi kor viktig det vart for den norske “velferdsstaten”, at så mange kvinner og menn i det stille har arbeidd for vår felles velferd i dei mange helselaga våre.
I vår velstandstid er aukande fokus no blitt sett på hjarte og karsjukdommar og problem som fyljer med demens – for både pasient og pårørande.
Dess fleire medlemmar dess meir tyngd har ein mot både lokale og nasjonale styresmakter når det gjeld forsking og hjelpemidlar.
Heilt fram til dette vårt år 2024 – der Fylkesårsmøtet 13. og 14. april 2024 i Ålesund gjorde greie for eit aktivt år. Her møttes over 100 delegatar frå heile fylket for utveksling av erfaringar av dei oppgåvene dei har arbeidd med under året. Dertil samtalar og planlegging til vidare innsats på dei problemområda som også i dag kan nemnast at finst i samfunnet. Stikkorda her er ofte tilrettelegging for folk som har sitt å slite med – det kan være alders demens, einsemd, trening og samvære i fellesskap, møtekveldar med mat og gode kaker og den gode “kaffipraten”. Meir skal det ofte ikkje til.
Eldreomsorga kan og innbefatte tilrettelegging av bustader – i det store og heile kjem oppgåvene med den tida vi lever i. Vi vert eldre – og vi vil gjerne ta del i det moderne livet som vi alle har vant oss til. Det medfører ofte nye utfordringar for oss alle.
Men vi vert og ramma av ulukker og sjukdomar som krev opptrening på spesielle instutisjonar. Ein slik instutisjon er Muritunet i Valldal – her er Nasjonalforeninga for folkehelsen Møre og Romsdal fylkeslag saman med våre 60 lokallag den største aksjeeigaren. Dei andre eigarane er Fjord kommune, fylkeskommunen, kommunane i fylket og andre.
Muritunet i Valldal var ei svært stor satsing. Institusjonen vart opna i 1994 med stor stas – til eigen vals, “Murivalsen”, framført av Valldal spelemannslag. Valsen var komponert av Martinus Hoel – med symbolsk innhald. Den fyrste delen var skriven i “moll” – folk som kjem til Muritunet er gjerne litt skrale. Så livnar dei til under opphaldet på Muritunet – valsen sluttar derfor i D-dur med lystige “sprell”.
Når det gjeld Muritunet og andre rehabiliteringssenter så går dei kanskje også inn i trongare økonomiske tider om Helse Midt-Norge gjennomfører endringar som signalisert. Her synest ikkje brukarane sitt behov for gode rehabiliteringstilbod blitt tatt hensyn til i planlagte endringar. Den 24. mai er det generalforsamling i Muritunet AS, endeleg avklaring vil ikkje vere klar til denne datoen. Endeleg avklaring frå Helse Midt-Norge kjem først i månadsskiftet oktober/november. Kanskje må “Murivalsen” få eit tillegg til valsen med ei ny avslutning i “moll”.
Helselaga vert dei gjerne kalla dei mange foreningane som finst over heile landet, i alle kommunar og mange krinsar. Den fyrste etableringa var i 1910 av “Den norske nasjonalforening mot tuberkulosen”.
I 1947 vart det halde eit stort “Rådsmøte” i nettopp Ålesund, med 500 utsendingar. Då vart organisasjonen utvida og namnet endra til “Nasjonalforeningen mot tuberkulosen for folkehelsen”. I 1963 vart namnet endra til det den har i dag: Nasjonalforeningen for folkehelsen. Sidan 1910 har tusenvis av kvinner og menn arbeidd i det stille med frivillig arbeid for nettopp vår folkehelse.
Frå 1990-talet blei Nasjonalforeningen for folkehelsen også ein interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande.
Ålesund kan ikkje forbigåast når vi snakkar om Folkehelsa.
I 2024 skal Ålesund Helselag (Nasjonalforeninga) feire to store jubileum.
Det er 100 år sidan Ålesund tuberkuloseforening innvia sitt “barnehjem for tuberkulosetruede barn” på Bø-Nørve i 1924. Det var ei tid med stor nød og elendigheit blandt mange folk og det er nedskrive at Aalesund Sanitetsforening betalte for nokre av barna der. I 1934 nekta fattigvesenet å betale lengre for eit barn som budde der. Det skal ha ordna seg den gongen også – “folkehelsa” var god å ty til når problema tårna seg opp. Slik vi ser det i dag også.
Barnehjemmet var i drift i 30 år, då vart det omgjort til aldersheim for 18 kvinner.
Til slutt var bygninga så nedsliten at den måtte rivast. I året 1974 vart det innflytting i dei to flotte blokkene som i dag står på same tomta på Bø-Nørve.
Ålesund helselag har slik to store jubileum å feire dette året.
Det er 100 år og 50 år på Bø-Nørve.