Det var haust, og sauene var komne heim frå beite. Sauebonden hadde sett seg ut ein avlsver som han merka og tok til sides. Dette var tidleg på 50-talet, og Stordal var ei nokså avstengd bygd, men det fanst ein veg over til Liabygda. Ein dag tok sauebonden med seg avlsveren til Liabygda der han hadde hatt kontakt med ein annan sauebonde som også hadde teke seg ut ein avlsver. Så bytte dei avlsverar, og sauebonden frå Stordal tok på heimveg. På heimvegen tenkte han at han hadde gjort ein god bytehandel, og han mumla ordtaket ”godt byte batar begge”. Alle som har drive med husdyrhald, veit kvifor desse sauebøndene gjorde det slik.
Historia er oppdikta, men kunne godt ha vore sann.
Det er her Fredrik Solvang og Debatten 5. april 2024 kjem inn. Fire ord vart hengde på veggen, og meininga var vel å vise at nynorsk kan vere vanskeleg å forstå. Orda var: uheppeleg, bisneleg, luten og bate.
Å drive harselas med slikt i Are Kalvø-stil trur eg er til bate for nynorsk språk.
Det er mangt som kan kommenterast frå denne debatten, men eg skal nøye meg med ein kort omtale av orda på veggen. Vi kjenner ordlistene som av og til blir pynta med ”Spynorsk” og ”Mordliste”, men i dag har vi langt betre reiskap som kan hjelpe oss med rettskriving, bøyingsformer og – ikkje minst – i spørsmål om opphavet til dei ulike orda. Eg siktar då til Bokmålsordboka og Nynorskordboka som er å finne på nett og er gratis å bruke der. Det er Språkrådet og Universitetet i Bergen som står for utarbeiding og redigering av desse gode hjelpemidla.
Med hjelp frå desse ordbøkene kan vi ta ein gjennomgang av dei fire orda.
Heppe står både i Bokmålsordboka og Nynorskordboka og betyr hell, lykke. Ordtaket ”det kan heppe, og det kan gleppe” forklarer godt meininga med dette ordet. I og med at det står i begge ordbøkene, er det kort og godt eit norsk ord, og dersom det er uforståeleg, så gjeld det ikkje berre for nynorsk, men like mykje for bokmål. Så er det vidare slik at det avleidde ordet heppeleg står berre i Nynorskordboka, og det tilsvarande heppelig står ikkje i Bokmålsordboka. Uheppeleg er naturlegvis det motsette av heppeleg. Uheppeleg står i Nynorskordboka. Eit anna ord for dette er uheldigvis.
Bisneleg er avleidd av å bisne. Dette er det einaste av dei fire orda som ein ikkje finn spor etter i Bokmålsordboka. Då kan ein seie at dette er eit nynorsk ord. Det betyr å sjå på eitt eller anna med undring og interesse. At noko er bisneleg, må då bety at det er verdt å stanse opp for å sjå nærare på det – ein attraksjon.
Luten kan bety minst tre ting. Vi bruker lut når vi lagar lutefisk. Å lute kan bety å bøye seg framover, og ein som bøyer seg framover, kan seiast å vere luten. Sidan dette skal vere henta frå ein lovtekst, er det nok ei tredje tydinga det er sikta til, og tydinga då er del. Ordet lut kan vere brukt til dømes i eit arveskifte, der arvingane får sine lutar. Betre kjent er det kanskje i ordet lutlag med forkortinga LL. No for tida blir det oftast kalla aksjeselskap med forkortinga AS. Ordet er å finne i begge ordbøkene og er like forståeleg eller uforståeleg i begge dei norske språka.
Tydinga av ordet bate går nokså tydeleg fram i første delen av innlegget her. Det tyder altså fordel og er å finne i begge ordbøkene, og er då altså beint fram eit godt norsk ord.
Felles for alle desse orda er at dei har opphav i norrønt språk.