Målet med Eigenberedskapsveka 2024 er å auke folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. Styresmaktene tilrår nemleg at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap.
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lese på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst ei veke.
Møt kommunen og få meir informasjon
Kommunane med ordførar og samarbeidande lag og organisasjonar vil ha stand rundt om i bygdene, sjå heimesidene til Fjord kommune og Stranda kommune for informasjon om tid og stad.
Kvifor eigenberedskap?
DSB rår til at flest mogleg er førebudd på å klare seg sjølv i ei veke. Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp i ei krise. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett.
I tillegg er vi som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.
Du er ein del av beredskapen i Noreg
Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og om vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.
Med vennleg helsing
Terese Jemtegård, ordførar Fjord kommune
Einar Arve Nordang, ordførar Stranda kommune