Sist laurdag var det årsmøte i Storfjordens Venner på Nilsgardstunet i Stordal.
Under møtet møtet vart denne flokken takka for stor innsats for foreininga gjennom mange år.
– De har vore viktige stemmer i styret med kvar dykkar bakgrunn og meiningar, og de har på ulike måtar hjelpt til med dei mange praktiske oppgåvene som skal løysast i vår organisasjon, sa leiar Inge Bjørdal som delte ut blomar og rosande ord til kvar einskild.