Ikkje før har den verste vinden rundt sjukehusstrukturen i Nord-Norge lagt seg, før det bles det opp til ein ny storm rundt dei regionale helseføretaka. Denne gongen gjeld det kutt i kjøp av spesialiserte rehabiliteringstenester frå private leverandørar. «Dette vil vi gjere sjølve», er beskjeden. Og så må kommunane og ta sin del av ansvaret», legg dei til.
Denne beskjeden er motteken av eit 50-tals privateigde institusjonar spreidde rundt om i landet. Institusjonar som er bygde opp over lang tid, ofte med stor innsats frå kommunar og frivillige pasientorganisasjonar, som til dømes Røde Kors og Nasjonalforeininga for Folkehelsa. Om lag halvparten av dei har eit ideelt formål. Det betyr at dei ikkje tek ut utbytte frå drifta av verksemda.
Behandlingstilbod som ikkje kan erstattast står i fare
Institusjonane det er snakk om, leverer spesialiserte tenester. Spesialiserte på to måtar: Det eine er at behandlinga skjer over tid, dvs. 1- 4 veker. Det andre er at mange profesjonar av spesialistar arbeider i team opp imot kvar enkelt brukar, som har ein samansett diagnose.
Muritunet i Valldal er eit typisk døme på ein slik leverandør. Muritunet er den største private bedrifta i Fjord kommune. Ho sysselset 70 årsverk, 90 fagarbeidarar fordelt på 10-15 yrkesprofesjonar og har ei årleg omsetning på om lag 80 millionar kroner. Kvart år er meir enn 1000 pasientar innom dørene. Hauglandsenteret i Fjaler, Røros rehabilitering, Skogli på Lillehammer og Air i Rauland, er døme på tilsvarande institusjonar i andre helseregionar. Ein finn dei ofte som hjørnesteinsbedrifter i næringssvake kommunar. I sum representerer dei mellom to og tre tusen kompetansearbeidsplassar som distrikta sårt treng. To av tre tilsette er kvinner!
Dersom den «nye strategien» frå helseføretaka vert gjennomførd fullt ut, betyr det slutten for dei fleste sentra av typen Muritunet. Det vil vere ein tragedie på fleire måtar. Først og fremst for tusentals pasientar som vert ståande utan eit tilfredsstillande behandlingstilbod. Men og for kommunar og lokalsamfunn som mister arbeidsplassar og kompetanse. Ikkje minst er det krise for mange tilsette som ikkje finn alternativt arbeid, og som må bryte opp og flytte ut av bygda.
Lovnader som ikkje held vatn
Sjølv ein generalist som meg, skjønar at det ikkje finst hald i lovnaden om at helseføretaka – les sjukehusa – skal ta over den tverrfaglege døgnrehabiliteringa som i dag vert utførd av dei spesialiserte institusjonane. Det ville og vere meiningslaust, når sjukehusa alt i dag har lange ventelister på livreddande behandling, korridorpasientar og mangel på fagfolk.
Det finst heller ikkje meining i forslaget, om at noko av desse spesialiserte tenestene skal over på kommunane. I alle fall ikkje på kort sikt. Elles er det eit mysterium for meg, at det som alltid har vore ein del av spesialisthelsetenesta, berre med eit pennestrøk vert flytta over til kommunehelsetenesta.
Statlege føretak utholar folkestyret
Prosessen som er starta grip inn i fleire viktige politikkområde. Det handlar mellom anna om flytting av behandlingstilbod, om nedlegging av distriktsarbeidsplassar og om arbeidsmiljø for tilsette. Alle saker som det normalt vert heite politiske debattar av. Berre ikkje i dette tilfellet. Her er det byråkratar som har bestemt. Byråkratar i tydinga «ikkje folkevalde». Den viktigaste delen av jobben er å passe på økonomien. At tala på botnlinja vert grøne og ikkje raude. Difor har drifta av helseføretaka fått ei bedriftsøkonomisk slagside. Det er denne saka ein god illustrasjon på.
All makt i denne sal!
Eg klandrar ikkje styra i dei heileigde statlege føretaka. Det er systemet eg meiner er feil. Vi må tilbake til ordninga som eksisterte før (2006-2014). Då måtte helseministeren nemner opp styremedlemane blant folkevalde politikarar. Politikarar kan vere brysame, men det er ikkje grunn god nok til å kutte dei ut. Til erstatning har vi fått eit system der byråkratar leikar politikk og spelar rulett med folks velferd. Dette må det bli slutt på! Her er det på sin plass å sitere Johan Sverdrups legendariske ord (1872): «All makt i denne sal»!
Det som no må skje, er at varsla – og gjennomførde kutt i kjøp av privat døgnrehabilitering, straks vert stoppa og reverserte. Sjølv om ein statsråd skal vise varsemd med å gripe inn i føretaksstyra sitt arbeid, må det vere lov å justere kursen/mandatet til organet, når konsekvensane vert så utilsikta og alvorlege som det vi er vitne til her. I dette tilfellet står statsråden på trygg grunn til å intervenere. Det bør skje straks. Dersom helseføretaka skal fortsette som statar i staten, må dei få legitimiteten tilbake. Det er kun muleg, om dei i større grad driv politikk og i mindre grad butikk!
Arne Sandnes
styremedlem og tidlegare direktør ved Muritunet