Til liks med dei fleste kommunar i Norge står også Fjord kommune overfor krevjande utfordringar som må løysast gjennom omstillingsprosessar. For å få til gode prosessar er det viktig å vere gode på å informere. Fjord kommune vil derfor starte opp med opne informasjonsmøte der ordførar og kommunedirektør/kommuneadministrasjonen tek for seg ulike tema, det fortel ordførar Terese Jemtegård Moen i ei pressemelding.
Informasjonsmøta vil veksle mellom å bli arrangert i Valldal, Stordal og Eidsdal, med ulike tema for kvar gong. Her kan alle som vil møte opp for å få informasjon, og det blir også mulegheit for å stille spørsmål og få svar. Det vert lagt vekt på å informere om korleis ein kan medverke og kome med innspel til dei prosessane som er på gang.
Torsdag 7. november vert det arrangert informasjonsmøte i Grendasalen i Stordalshallen med tema eigedomsskatt, bustadutviklingsprosjekt og pågåande planarbeid. Alle som er interesserte i tematikken er velkomne; innbyggjarar, næringsdrivande, fritidsbustadeigarar m.fl.