– svar på lesarinnlegg frå Else Ragni Yttredal i Storfjordnytt torsdag 7. mars
Ja, Raudbergvika er eit stort og omfattande prosjekt, det er vi samde om. Det er store tal og storleikar vi skal forholde oss til i dette prosjektet, men det er ikkje uhandterleg av den grunn.
Ingen skal tvile på at både tidlegare og noverande kommunestyre har følgd tett på prosessen, og har sett seg inn i den omfattande dokumentasjonen som har følgd prosjektet. Avgjerdslene som har vore gjort er nettopp gjort basert på den grundige og faglege dokumentasjonen som no ligg føre.
Masseomfang og handtering
Ja, det er mykje masse/stort volum det er snakk om, men det er også stort behov for masse i utbygging og utviklingsprosjekt i regionen.
I lesarinnlegget er det er vist til at i det i Raudbergvika er snakk om 33 gongar så mykje masse som er sprengt ut av Indreeidstunellen. Massene som er deponert frå Indreeidstunellen har omforma store delar av Eidsdal. Dette viser at når Staten sjølv skal gjennomføre tiltak, så verkar dei å ha relativt lav terskel for korleis slike masser skal og bør deponerast, rett i nærleiken av eit verdsarvområde.
Overskotsmasse i Raudbergvika er berekna til 9,1 millionar kubikkmeter. Stad Skipstunell er eit anna stort prosjekt som ikkje er så langt herifrå. Der er det snakk om 7,5 millionar kubikkmeter sprengt fjell, og det er kamp om å nå tak i massene. Dei tre omkringliggande kommunane Stad, Vanylven og Kinn har fått tilbod frå Kystverket som skal byggje Stad skipstunnell om å melde inn sine behov for masse. Det har blitt innmeldt så mykje behov for masse at Stad kommune som planmynde har måtte lage ei prioriteringsliste, og det er slett ikkje sikkert at alle som har meldt inn behov får tildelt masse. Departementet omtalar denne bruken av masse som eit sirkulærøkonomisk tiltak der ein i staden for å dumpe massene på godkjente deponi, heller brukar opp att massene der det er behov. Det vert naturlegvis sett krav til at det kun er seriøse mottakarar som får ta mot steinmassene.
Vi er ikkje redde for at masseomfang og massehandtering vert eit problem, det må heller sjåast på som ei moglegheit. For å kunne gjennomføre planen må utbyggar ha avtale om deponering på lovleg mottaksområde. Kommunen skal føre kontroll med dette gjennom si behandling, og i tillegg kan Statsforvaltar bli trekt inn gjennom behandlingskrav i forureiningslova. Ein risikerer dermed ikkje ukontrollerbare og negative verknadar for miljø og samfunn.
Full produksjon
Ja, det er mykje fisk som ein kan produsere ved dette anlegget ved full produksjon. Og det er bra! Det er bra for både matforsyning og matberedskap både nasjonalt og internasjonalt. Det er landbasert oppdrett som er framtida for norsk oppdrettsnæring. Fiskeoppdrett på land har mange fordelar både for miljøet og fisken. Det er mogleg med gjenvinning av restråstoff og avfall, og løyser også problemet med rømt fisk frå opne merder og lakselus som ikkje er bra for villaksen.
Det som også er veldig viktig å ha med seg i denne saka, er at utbyggar legg opp til ei trinnvis utbygging. Oppskalering av anlegget vil gå føre seg over ein periode på 7 år, med opptrapping på produksjonsvolum i tre trinn. Etter 3 år vil anlegget vere på 1/3 kapasitet, altså 33.000 tonn per år, og på 5 år vil det bli oppskalert til 66.000 tonn, før det etter 7 år blir oppskalert til full kapasitet. Trinnvis utbygging med tett oppfølging sørger for at ein i sanntid kan overvåke verknadane i fjorden for kvart trinn før ein går vidare.
Landbasert oppdrett i Raudbergvika vil vere eit viktig bidrag til berekraftig utvikling av havbruksnæringa, der heile verdikjeda er lokalt plassert rundt Storfjorden. Planforslaget fører også til redusert transportbehov for ei av Norges viktigaste næringar med kort veg mellom produksjon og foredling.
Store nitrogenutslepp?
Spørsmålet om utslepp har vore reist i motsegn frå Statsforvaltaren, og har vorte svara ut gjennom omfattande fagleg dokumentasjon frå landets fremste fagfolk på området. Sidan dette vil bli eit av verdas største oppdrettsanlegg, er det utarbeidd ekstra omfattande søknadsdokumentasjon både av biologisk mangfald, straummålingar og det er gjort modellering av utsleppa si spreiing og fortynning i fjordsystema. Fleire fagmiljø (COWI, DHI, Åkerblå, Rådgivende biologer og Akvaplan NIVA) har vore involvert i vurderingane, og desse er oppsumert av Marine Prospects som konkluderer med at “… et omfattende faglig dokumentasjonsunderlag konkluderer med sannsynlighetsovervekt at vannforekomst vil opprettholde miljømål om minimum «god økologisk tilstand» og at utslippet ikke vil lede til betydelig eller irreversibel skade selv ved full kapasitet.”
Møre og Romsdal fylkeskommune trekte 29.01.24 si motsegn heimla i vassforskrifta ut frå følgjande vurdering: «Ut frå ei samla vurdering, synest det som at risikoen for redusert miljøkvalitet i dei aktuelle vassførekomstane er svært liten».
Massiv nedbygging?
Dette prosjektet er nettopp det motsette av massiv nedbygging! Vi får stor verdiskaping og samfunnsmessig nytte av å kunne ta i bruk og vidareutvikle eit areal som frå før er avsett og nytta til næringsverksemd. Vi slepp å sprenge ned holmar og skjær på kysten, slik at det går ut over dyreliv, fugleliv og biologisk mangfald, og vi slepp å bandlegge dyrka mark. 49% av landarealet i Fjord kommune er verna, og elles er mykje av arealet bandlagt og ikkje mogleg å bygge ut på grunn av skredfare. Raudbergvika er såleis eit svært godt alternativ når det gjeld arealbruk for næringsutvikling.
Verdsarv – utstillingsvindauge og beste praksis
Raudbergvika er UTOM grensa for verdsarvområdet, og det er INGEN buffer/omssynssone her i plansamanheng. Dette er eit veldig viktig poeng! Verdsarven er innanfor grensa til verdsarvområdet. Utom grensa for verdsarvområdet er det ikkje verdsarv. Vi kan ikkje ha det slik i framtida at verdsarven skal definere også kva utviklingstiltak vi kan gjere i resten av kommunen.
Under arbeidet med nominasjonen til verdsarv vart grensa for verdsarvområdet sett slik at ein i framtida kunne tillate gruvedrift i Raudbergvika. Denne lovnaden løyste opp i ein vanskeleg diskusjon, som i verste fall kunne ha stoppa nominasjonen. Mykje av motstanden og skepsisen hadde grobotn i frykta for å miste handlingsrom i høve næringsutvikling.
Dei mange fråflytta hyllegardane langs fjordane her inne demonstrerer på ein framifrå måte samhandlingsmønster og meistringsteknikkar i ei tid då folk levde i symbiose med naturen. Ei symbiose der bruken låg innanfor tolegrensene, og der «far etter folk» gav naturen ein meirverdi. Skal verdsarven kunne overleve må den vere dynamisk, i den forstand at den opnar opp for at nye generasjonar kan demonstrere sine meistringsteknikkar innanfor tolegrenser og i respekt for naturen. Landbasert oppdrett i Raudbergvika er nettopp eit slikt prosjekt. Ein pilot som respekterer og forbetrar naturmiljøet, og som samtidig genererer bygdeutvikling og bulyst. Eit prosjekt som skaper optimisme, godheit for verdsarven og heilårs busetting. Vi kan ikkje sjå vekk frå at det landbaserte anlegget vil bli ståande att som eit kulturspor, som på same måte som kulturlandskapet i si tid gav naturlandskapen ein meirverdi. Dette kan med andre ord bli vår generasjon sitt symbiose-prosjekt.
Det landbaserte oppdrettsanlegget i Raudbergvika vil kunne nyttast aktivt for å vise ei storstilt omstilling i oppdrettsindustrien gjennom td. film og undervisning på cruiseskipa som køyrer rett forbi, og besøk på visningsanlegget Ivar Heggen. Det at ei slik omstilling skjer rett i nabolaget til verdsarven, viser at ein tek verdsarven skikkeleg på alvor.
Samfunnseffekt
I konsekvensutgreiinga som var vedlagd saka til kommunestyret 09.11. finn ein informasjon om kva samfunnsverknad landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika vil ha. Menon si analyse viser at tiltaket vil skape betydelege verdiar, anslagsvis 6,6 mrd kroner i perioden 2022-2030, av dette er det estimert 2 milliardar kroner til lokale aktørar.
Folketalet i Fjord kommune har gått ned med 600 (!) personar dei siste ti åra. Basisnæringa landbruk (husdyrbruk i dette området) er i sterk og rask tilbakegang både på grunn av rasjonalisering, rovdyrproblematikk og sviktande rekruttering grunna lav lønsemd. Reiselivsnæringa er i vekst, men vil i overskueleg framtid vere ei sesongnæring som ikkje klarar å kompensere for bortfall av anna sysselsetting. Tradisjonell industri har få – om nokon – komparative fortrinn i området.
Sysselsettingseffekta av landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika vil ha stor betydning for heile fjordregionen, med tilføring av ulike stillingar og kompetansearbeidsplassar i eit omfang på om lag 300 arbeidsplassar. Dette vil bidra til auka tilflytting og bulyst i kommunen. Noko må gjerast NO for at vi framleis skal ha levande bygder i kommunen!
Tillit
Innbyggjarane våre kan ha full tillit til at kommunen gjennom denne planprosessen har gjeve ei balansert framstilling av kva utbygginga inneber og kva konsekvensar det har på kort og lang sikt. Det er nettopp det som er hensikta med slike grundige planprosessar. Prosjektet og områdeplanen har vore utvikla og knadd gjennom snart fire år, og det ligg føre omfattande dokumentasjon som svarar ut motsegnene som er reist undervegs.
Ja, dette vil vi verkeleg!
Med helsing gruppeleiarane i Fjord Sp, Ap, H og Frp