Eg ser i sosiale media dei siste dagane at det er ein del fortviling, frustrasjon og delvis forvirring ute blant innbyggjarane våre med tanke på korleis vi jobbar med å drifte og utvikle Fjord kommune. Eg ønsker derfor å kome med informasjon til dykk om dette.
Fjord kommune er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det er fleire grunnar til dette. Over tid har vi opplevd sterk folketalsnedgang og dette medfører lavare skatteinntekter. Men dei siste åra har vi også opplevd ein sterk kostnadsauke, både i form av prisvekst og auka rentekostnadar. Det står meir om dette i innleiinga til budsjett og økonomiplan 2023-2027 side 6-7: https://innsyn.acossky.no/fjord/wfdocument.ashx?journalpostid=2022026101&dokid=1426308 &versjon=1&variant=A&.
Vi har arbeidd for å klare å oppretthalde tenestetilbodet i kommunen, men det er ei stor utfordring. Det blir fødd færre born, og andelen eldre i befolkninga vår aukar. Det er vanskeleg å rekruttere fagpersonell spesielt innanfor helsefaga. Slik vil det bli i åra framover også. I dei vanskelege tidene vi no er inne i med både økonomiske og rekrutteringsmessige utfordringar så er vi nøydd til å sjå på kva vi kan gjere annleis enn vi har gjort før.
Kommunestyret har bedt administrasjonen om å legge fram ein plan for korleis vi skal omstille oss både på oppvekst og helse, velferd og omsorg. Kommunedirektøren orienterte på førre kommunestyremøte om moglege grep som kan gjerast ift. habilitering. Til neste kommunestyremøte 21.mars vil kommunedirektøren legge fram ein heilheitleg prosjektplan for prosess med omstilling i Helse, Velferd og Omsorg, der også habilitering er ein del av dette.
Når det gjeld eigedomsskatt , vil eg presisere at vi med vedtaket i kommunestyret 08.02. ikkje har vedteke å innføre utvida eigedomsskatt, men vi har vedteke at administrasjonen skal arbeide fram eit grunnlag slik at vi i samband med budsjettbehandling for 2025 kan ta ei avgjerdsle om innføring av eigedomsskatt for faste eigedomar i heile Fjord kommune. Ønsker de meir informasjon kan de lese saksutgreiinga og vedtaket her: https://www.fjord.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=20 22027728&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=13108&. Det kan også vere nyttig å sjå presentasjonen som E-skatt hadde for kommunestyret i møtet 08.02. Denne vil bli tilgjengeleg når den nye innsynsløysinga på heimesida til Fjord kommune trer i kraft 20.02.
Det er ei stor utfordring å klare å kome ut med både god og nok informasjon til alle. Dette skal eg gjere mitt beste for å betre. Dette informasjonsskrivet er eit slikt tiltak. I tillegg vil eg også minne om at det er mogleg å følgje kommunestyremøta på internett, og å lese Storfjordnytt som er til stade og refererer både frå formannskap- og kommunestyremøter. Det er også moglegheit å kome med spørsmål og innspel til kommunestyre- og vararepresentantar, og kontakte ordførar direkte. Eg er tilgjengeleg på «ordførar i butikk-kontor» i Tafjord, Norddal og Eidsdal ein gong i månaden, og på kommunehuset i Stordal anna kvar veke. Dato og tidspunkt vert opplyst om i arrangementskalenderen på fjord.kommune.no og opplevfjord.no. For dei som ønsker å engasjere seg aktivt i politikken er det også mulegheit for å melde seg inn i eitt av partia i kommunen, og på den måten vere med å bidra til at vi finn gode politiske løysingar på utfordringane våre, og som gagnar alle bygdene og kommunen i heilskap.
Mi klare haldning er at vi saman skal utvikle HEILE Fjord kommune, det veit eg at alle dei fem politiske partia har som felles målsetting. Alle bygdene må tole at det blir noko omstilling, men det skal ikkje vere slik at nokon berre taper og andre berre vinn. Alle må tole noko endring. Eg har klare forventningar til at vi i kommunestyret saman med kommuneadministrasjonen greier å gjennomføre gode prosessar og kome i mål med dette på ein måte som gjer at alle framleis kjenner seg heime og ønsker å høyre til i Fjord kommune.
Beste helsing Terese Jemtegård Moen, ordførar