Om to veker pakkar musikantane i Valldal hornmusikklag saman noter og instrument og reiser til Trondheim. Der er det nemleg NM i janitsjar, der korps frå heile landet deltek.
Ettersom det er mange år sidan hornmusikken deltok sist, må vi starte i sjuande divisjon, altså den lågaste divisjonen. Så er det å håpe at vi har sjansen til å «jobbe» oss opp derifra etter kvart.
Vi skal spele eit stykke som heiter «The Flood» og komande laurdag og søndag skal vi øve. Mykje.
Men så treng vi også øving i å spele NM-stykket vårt for publikum, derfor inviterer vi alle som har lyst opp i kultursalen på Martin Linge-huset søndag. Så får korpsinteresserte publikummarar høve til å høyre oss spele NM-stykket, og vi får for første gong øvd oss på å spele det for publikum. Det kan vere nyttig å ha gjort det – før det vert alvor om kvelden fredag 15. mars i Trondheim.
Alle som har lyst til å høyre på og samtidig hjelpe oss med å øve på å spele for publikum, er hjarteleg velkomne til å ta turen søndag.