Det er blitt ein tradisjon at Valldal hornmusikklag inviterer til nyttårskonsert i romjula. Og helst ganske tett opptil nyttårsaftan. I år er nyttårskonserten søndag 29. desember – på Martin Linge-huset. Akkurat slik det brukar å vere altså.
Under leiing av Evgenii Zhukov får vi i hornmusikklaget mykje skryt når vi er ute og spelar – så også etter julekonserten for nokre dagar sidan. Dei to stykka vi spelte der, kjem att på nyttårskonserten i tillegg til mykje anna artig musikk.
Så har hornmusikklaget også gjort det til ein vane å invitere gjestemusikarar til desse nyttårskonsertane. Det gjer vi også denne gongen – og vi er glade for å kunne ønske velkomen til mezzosopranen Stephanie Lippert og pianist Ilona Ruseckaite-Lapinskiene. Saman skal dei ha ei eiga «avdeling» undervegs i nyttårskonserten. Stephanie vil i tillegg synge i lag med hornmusikklaget. Stephanie Lippert er den svenske jenta som trefte mannen i sitt liv og flytta til Tomrefjorden. Der bur ho i lag med Hallvar Djupvik, som har gjesta nyttårskonserten vår ved eit tidlegare høve.
Stephanie har utdanninga si frå Operaakademiet i København, og har sunge fleire roller i Noreg, Sverige og Danmark – og repertoaret hennar spenner frå opera og klassisk musikk til viser. Mellom anna. Ho og Hallvar har også delteke på Festspela i Geiranger, seinast i haust kunne publikum oppleve dei og operapuben deira under festspela.
Pianiosten har vore med på nyttårskonserten vår tidlegare, då kom ho i lag med Hallvar Djupvik. Ilona jobbar til dagleg i kulturskulen i Sykkylven som pianolærar, men har solid musikkutdanning frå det som på engelsk heiter The Lithuanian Academy of Music and Theatre i Vilnius, eit statleg musikkonservatorium som utdannar studentar i musikk, teater og multimediekunst. Ho bur i Ålesund og er til liks med Stephanie også frilansar som kan hyrast inn til ulike oppdrag. Som å vere del av Valldal hornmusikklag sin nyttårskonsert.
Så kva ventar du på? Sikre deg ein billett i god tid i førevegen, eller kanskje manglar du ei julegåve eller to til nokon som «har alt»? Billettar til nyttårskonserten er å få kjøpt på både Spar, HL Muri og Bunnpris i tida fram mot konserten. Den perfekte julegåva for den musikkinteresserte!
Vi i Valldal hornmusikklag gler oss til konsert, vi gler oss til å høyre på gjestane våre – og vi gler oss til å sjå alle dykk i salen som publikum.
I mellomtida nyttar vi høvet til å ønskje dykk alle god jul – og så håpar vi at vi sjåast på konsert.
Styret i
Valldal hornmusikklag