Saman med konfirmantar over heile landet, gjer konfirmantane i Fjord kommune seg klare for innsamling til Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon. Tysdag 19. mars gjennomfører konfirmantane i Stordal og Norddal sokn bøsseaksjon. Konfirmantane samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda, og gjev håp der nøda er størst.
Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp moglegheit til å redde liv i akutte kriser og forandre liv på sikt. Takk vere innsamla middel, mellom anna frå fjorårets fasteaksjon, hadde Kirkens Nødhjelp moglegheit til å gje akutt nødhjelp til flyktningar i dei krigsherja områda Ukraina og Gaza. I fjor ga Kirkens Nødhjelp katastroferespons til jordskjelvråka Syria i form av mat, vatn, hygieneartiklar og teppe. Samarbeid med lokale partnarar mogleggjer rask respons når kriser og katastrofar råkar.
Fasteaksjonen bidreg til at Kirkens Nødhjelp også kan forandre liv på sikt. Aksjonen har i år fått tittelen «Håp i ein drope vatn». Vatn gjev håp og positive ringverknader for enkeltmenneske og lokalsamfunn. Med ein brønn på landsbygda i Tanzania får jenter, som elles ville gått store avstandar for å hente vatn til familien sin, moglegheit til å gå på skole og få utdanning. Tilgang til reint vatn fører til færre vassborne sjukdomar, og gjev betre helse. Smarte dryppsystem gjev bønder i Tanzania og Malawi moglegheit til å tredoble inntektene sine, og såleis stå betre rusta mot klimaendringar.
– Gjennom Fasteaksjonen er konfirmantane med på å gje håp og forandring for menneske som treng det mest.