Svar på Tor Waaler sitt lesarinnlegg i Storfjordnytt 21.03.2024
Du startar lesarinnlegget ditt i SN 21. mars med å vise til uttale eg gjorde til NRK 18.03.24 i samband med at Riksantikvaren gjenoppretta motsegn mot verdsarv i Områdeplan for landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika, ei motsegn som eit stort fleirtal i fylkesutvalet valde å trekke. Her uttalte eg at det er Fjord kommune som står på spel, og at dersom planane om landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika ikkje blir realisert så kan det bety kroken på dørene for bygdene våre.
Du spør meg kvar eg har dette frå? Då oppfordrar eg deg til å lese sakspapira som følgde kommunestyresaka 09.11.23 sak 076/23 Vurdering av planforslag etter 2. gongs høyring, og då spesielt vedlegg 11.13 «Notat av 13.10.23, Raudbergvika – betydning for næringslivet og samfunnsmessig berekraft i Fjord kommune». Her vil du finne informasjon om kommuneplanen sin samfunnsdel som vi som politikarar og kommunestyre skal styre kommunen etter. Du vil kunne lese at Fjord kommune har hatt ein dramatisk folketalsnedgang, der foketalet har minka med 600 innbyggjarar dei siste åra, og du vil kunne lese at dette skuldast nedgang i tal på arbeidsplassar. Heilt til slutt i dette vedlegget vil du kunne lese at «Ein ser det som avgjerande viktig for ei positiv samfunnsutvikling i Fjord kommune at oppdrettsanlegget i Raudbergvika vert etablert». Ut frå den fire år lange prosessen med områdeplanen og den omfattande dokumentasjonen som svarar ut motsegnene som er reist undervegs, gjorde kommunestyret i Fjord samrøystes vedtak om å sende revidert planforslag til områdeplan for landbasert oppdrettsanlegg Raudbergvika-Eidsdal til motsegnspartane med oppmoding om trekking av motsegn.
Den dramatiske folketalsnedgangen og tap av arbeidsplassar har skjedd på trass av at her er, som du nemner «…stor bær- og fruktdyrking. Og hyttebygging.». Basisnæringa landbruk (husdyrbruk i dette området) er i sterk og rask tilbakegang både på grunn av rasjonalisering, rovdyrproblematikk og sviktande rekruttering grunna lav lønsemd. Det har også over fleire tiår vore ein dramatisk nedgang på industriarbeidsplassar. Reiselivsnæringa er i vekst, men vil i overskueleg framtid vere ei sesongnæring som ikkje klarar å kompensere for bortfall av anna sysselsetting. Tradisjonell industri har få – om nokon – komparative fortrinn i området.
Vi har per i dag altfor få arbeidsplassar som tiltrekkjer seg ungdom og unge familiar. Dette har over tid ført till ei kraftig slagside i alderssamansetninga. Det har vore ei dramatisk endring med kraftig nedgang i talet på innbyggjarar i alle aldersgrupper frå 0 til 67 år, og ein tilsvarande kraftig auke i talet på innbyggjarar frå 67 år og eldre. Dette er ikkje ei berekraftig utvikling! Vi er allereie langt under snitttet vi bør vere på i aldersbæreevne (tal på personar 16-66 år i forhold til tal på personar 67 +). Det bør ikkje vere mindre enn 3 personar i alderen 16-66 år per person som er 67+. For Fjord kommune er dette talet 2,51 i 2023!
På bakgrunn av dette vil eg på ingen måte seie at det er for hardt å ta i når eg seier at det kan bety kroken på dørene for bygdene våre om ikkje planane for landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika vert realisert. Det vi som politikarar har å forholde oss til i saka er ei grundig og omfattande saksutgreiing. I konsekvensutgreiinga som var vedlagd saka til kommunestyret 09.11. finn ein informasjon om kva samfunnsverknad landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika vil ha. Menon si analyse viser at tiltaket vil skape betydelege verdiar, anslagsvis 6,6 mrd kroner i perioden 2022-2030, av dette er det estimert 2 mrd kroner til lokale aktørar. Sysselsettingseffekta av landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika vil ha stor betydning for heile fjordregionen, med tilføring av ulike stillingar og kompetansearbeidsplassar i eit omfang på om lag 300 arbeidsplassar. Kor mange av desse som skal bu og skatte til Fjord kommune avhenger av kor gode vi kan bli på bustadutvikling og arealplanlegging. Her har vi akkurat sett i gang arbeid med rullering av arealplan og søkt midlar frå Husbanken til bustadutviklingsprosjekt. Målet vårt er at så mange som mogleg av dei som skal inneha dei 300 nye arbeidsplassane er busette i Fjord kommune.
Så må eg få arrestere deg på ein faktafeil i innlegget ditt. Raudbergvika ligg ikkje ved innløpet mot Geiranger, det ligg ved innløpet til Sunnylvsfjorden. Raudbergvika er UTOM grensa for verdsarvområdet, og det er INGEN buffer/omssynssone her i plansamanheng. Dette er eit veldig viktig poeng! Verdsarven er innanfor grensa til verdsarvområdet. Utom grensa for verdsarvområdet er det ikkje verdsarv. Vi kan ikkje ha det slik i framtida at verdsarven skal definere også kva utviklingstiltak vi kan gjere i resten av kommunen. Under arbeidet med nominasjonen til verdsarv vart grensa for verdsarvområdet sett slik at ein i framtida kunne tillate gruvedrift i Raudbergvika, ei gruvedrift som pågjekk til 2014. Denne lovnaden løyste opp i ein vanskeleg diskusjon, som i verste fall kunne ha stoppa nominasjonen. Mykje av motstanden og skepsisen hadde grobotn i frykta for å miste handlingsrom i høve næringsutvikling. Styret i verneområde Geiranger-Herdalen har i møte 02.11.23 gjeve dispensasjon for områdeplan Raudbergvika. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har klaga på dette, og saka er sendt til Miljødirektoratet.
Eg er heilt samd med deg i at Fjord kommune ikkje på nokon måte bør risikere å forureine og øydelegge Storfjorden. Spørsmålet om utslepp har vore reist i motsegn frå Statsforvaltaren, og har vorte svara ut gjennom omfattande fagleg dokumentasjon. Marine Prospects konkluderer som følgjer: “… et omfattende faglig dokumentasjonsunderlag konkluderer med sannsynlighetsovervekt at vannforekomst vil opprettholde miljømål om minimum «god økologisk tilstand» og at utslippet ikke vil lede til betydelig eller irreversibel skade selv ved full kapasitet.”. Møre og Romsdal fylkeskommune trekte 29.01.24 si motsegn heimla i vassforskrifta ut frå følgjande vurdering: «Ut frå ei samla vurdering, synest det som at risikoen for redusert miljøkvalitet i dei aktuelle vassførekomstane er svært liten».
Eg er heilt samd med deg i at eg som ordførar skal sjå heilheita. Den berekraftige heilheita består etter mitt syn av tre punkt:
1. Klima og miljø: Vi må løyse klimakrisa og tap av naturmangfald. Det er landbasert oppdrett som er framtida for norsk oppdrettsnæring. Fiskeoppdrett på land har mange fordelar for miljøet og fisken. Landbasert oppdrett i Raudbergvika vil gje stor samfunnsmessig nytte ved å kunne ta i bruk og vidareutvikle eit areal som frå før er avsett og nytta til næringsverksemd, og vi slepp å bandlegge anna verdifullt areale.
2. Økonomi: Grøn vekst og mindre ulikheit. Vi har altfor få arbeidsplassar som tiltrekkjer seg ungdom og familiar. Landbasert oppdrett i Raudbergvika vil gje grunnlag for grøn vekst, og betre lønsemd for ei rekkje bedrifter og underleverandørar i lokalt næringsliv. Hofseth er i front på å delta i forskingsprosjekt for utviling av lukka oppdrettsanlegg, og har fått visningskonsesjon på anlegget ved Vindsneset. Eg vil seie at dei har bevist gjennom handling at dei jobbar kontinuerleg og seriøst med å vere i front i oppdrettsnæringa med miljøforbetring og sirkulære forretningsmodellar med gjenbruk av ressursar, gjenvinning av verdi frå avfall, optimalisering av kapasitet og utviding av produktet sin livssyklus. Andre realistiske alternativ til framtidsretta arbeidsplassar av stort omfang kan eg ikkje sjå.
3. Sosiale forhold: Samfunnsmessig berekraft. Dagens dramatiske situasjon talar for seg sjølv med sterk folketalsnedgang og kraftig slagside i alderssamansetting. Noko må gjerast! Hofseth har allereie gjennom mange års satsing i Fjord kommune vist at dei tek samfunnsansvar, og er ei næring for både milømessig, økonomisk og samfunnsmessig berekraft framover. Ved smolt-anlegget i Tafjord, og oppdrettsanlegga i fjorden er både leiargruppa og mange av dei tilsette unge kvinner og menn. Den nystarta naturbruk-lina ved Stranda VGS er blitt svært populær. Mange av dei lokale ungdommane går denne lina, og er sikra lærlingplass i etterkant.
Realiteten er at Fjord kommune har store utfordringar både demografisk og i høve næringsutvikling. Hofseth sin plan i Raudbergvika er nyskapande, sirkulær og berekraftig, og vil ved realisering gi omfattande positive konsekvensar for lokalsamfunna våre. Dette er til forveksling likt det som står i samfunnsdelen til kommunplanen, og eg vil kjempe for å realisere visjonen vår om «Gode vekstvilkår».
Helsing
Terese Jemtegård Moen,
ordførar i Fjord kommune