I fem år har Fjord kommunestyre etterlyst overordna strategiar og planar for sektorane helse, pleie og omsorg og oppvekst og kultur. Og det er ikkje så «fancy» som ordbruken kan tilseie; vi snakkar om systematisk analyse og vurdering basert på dei faktiske forhold som gjeld sett opp mot utfordringane vi møter i åra som kjem; t.d. barnetalsreduksjon, eldrebølgje, fråflytting, næringslivsutvikling mm. Det handlar om å beskrive det vi har av drift og tenesteproduksjon, beskrive sentrale utviklingstrekk som påverkar dette i åra framover og beskrive ein strategi og plan for korleis vi best handterer kommunal tenesteproduksjon dei neste 15-20-25 åra. Kva institusjonar treng vi og korleis skal dei vere sett opp, korleis organiserer og leverer vi kommunale tenester, kva kompetanse treng ein mm.
I fem år har administrasjonen latt vere å levere på desse bestillingane. I budsjetthandsaminga i desember 2023 vart bestillinga gjentatt på nytt. Kommunedirektøren lovde då at overordna strategi og plan for helse, pleie og omsorg skulle vere på plass til sommaren 2024. No blir det skifte av kommunalsjef for helse, pleie og omsorg, og då varslar kommunedirektøren at alt er i det blå. Det er no vanskeleg å seie når tid strategi og plan for helse, pleie og omsorg kan vere klar for politisk handsaming, og samstundes fortset vi å gjennomføre omstillingstiltak stykkevis og delt.
Så er det eit poeng at det ikkje kan vere slik at utvikling og drift av kommunen kviler eine og åleine på skuldrane til nokre få sjeler på kommunehuset i Valldal. Eller kanskje forklarar dette kvifor det ikkje blir levert på bestillingane frå kommunestyret – det er berre nokre veldig få personar som er involvert i slikt arbeid.
Fjord Høgre fremja i formannskapsmøte 16. mars eit oversendingsframlegg til kommunestyret der essensen var følgjande: For det første slo det fast som prinsipp at vi utgreier og planlegg først og iverkset etterpå i tråd med dei strategiar og planar vi vedtek. For det andre la forslaget ei klar føring om at tillitsvalde og berørte tilsettgrupper skal involverast og medverke i plan- og utgreiingsfasen før omstillingstiltak vert vedtatt. Ikkje som i dag kor dei ser ut til å bli involvert først når ein skal planlegge gjennomføringa av vedtatte omstillingstiltak. Med den konsekvens at når tillitsvalde/berørte ansatte foreslår andre eller justerte løysingar, så er det for seint ifølgje ekspertisen på kommunehuset.
Overordna strategiar og planar er ein føresetnad for effektiv utvikling og styring av kommunal drift og tenesteproduksjon. Involvering av dei som har «skoa» på gir betre løysingar og garantert meir effektiv gjennomføring av tiltaka. Fjord kommune er ein liten kommune med korte avstandar. Ein står seg mykje betre med opne prosessar og stor takhøgde, der ulike meiningar, synspunkt og løysingar får kome fram i plan- og utgreiingsfasen. Sjeldan er det slik at det berre finst ei løysing på ei utfordring, og endå sjeldnare er det at dei beste løysingane kjem frå eit kontor på kommunehuset.
Oversendingsframlegget frå Høgre gjekk samrøystes gjennom i formannskapet. I kommunestyret 21. mars fremja posisjonen sit eige framlegg som tok utgangspunkt i og spissa oversendingsframlegget frå Høgre. Kva som skjedde i pausen veit vi ikkje, men posisjon forkasta sitt eige framlegg – og på toppen så stemte dei mot framlegget frå Fjord Høgre.
Posisjonen må forklare oss korleis dei tenkjer.