På eit folkemøte i Eidsdal for eit par år sidan presenterte selskapet med namnet «World Heritage Salmon» ideen om å etablere lakseproduksjon på land i lukka anlegg i Raudbergvika ved innløpet til Sunnylvsfjorden og Norddalsfjorden. Dette skulle skjerme industrilaksen mot lus og rømming og fjorden skulle bli fri for kloakk. Tilsynelatande ei god løysing og stemninga var høg eter møtet i Eidsdal. No er prosjektet utgreidd vidare og dei verkelege konsekvensane er tydelegare. Anlegget blir ikkje så lukka likevel. Kloakken skal fortsatt gå til sjø med enda større nitrogenutslepp enn eksisterande anlegg i fjorden. Statsforvaltar, Riksantikvar og UNESCO tilrår å droppe planane sidan industrianlegget vil gi for store inngrep i verdsarvområdet. Kommunen med namnet «Fjord» ønsker likevel å gi løyve sjølv om fleire spør seg: «Vil vi verkeleg dette?» (ref. lesarbrev i Storfjordnyt av Else Ragni Ytredal og Tore Waaler og oppslag i Sunnmørsposten, NRK m.m.).
For nokre tiår sidan var Storfjorden rik på laks, brisling og sild. Den eigentlege laksen (no omdøypt til vill-laks) ga levande elvar og eit rikt fiske med troe, dorg og kilenot i fjorden. Notlag i Dalsbygda og Geiranger kunne lande store fangstar med enkelt utstyr når silda kom inn fjorden. Fugl og kval kom etter. Det var eit stort overflod. Til og med laks og sjøaure blei fiska med not. Brisling lever av små dyreplankton og er mat for annan fisk. Laks, sjøaure, sild og brisling er no nesten borte frå Storfjorden. Det blei fanga hummar på fjordbotnen i Osvika som no er dekt av gjødsel-slam frå lakseoppdret. «Nedgangen i totalfangstene fra 1970-tallet kan ha sammenheng med endringer i miljøforholdene», skriv Havforskningsinstituttet om brislingen.
Livet i fjorden har gått i ein negativ spiral i mange år, men det skjer sakte og over fleire generasjonar, så vi ser det ikkje så tydeleg. Idealistar i fleire bygder kjempar med små ressursar for å redde restane av laksestammane i elvane eter overfiske, matmangel, smite av sjukdom, genar frå industrilaksen og annan miljøskade, men dei får lite hjelp.
Meir utslepp i sårbar fjord
Utgreiingane som er utarbeidd for Raudbergvika syner at industrianlegget vil gi stor auke i utslepp av kloakk med nitrogen. I dokumenta til utbyggjaren kan vi lese at dete vil forverre tilstanden i Storfjorden. Det er det motsette av det vi treng no. «World Heritage Salmon» hevdar at det kanskje ikkje blir så stor konsekvens av auka utslepp og at dei kan stanse vidare utbyggjing om det syner seg å bli riktig ille. Trur vi på det? Poenget her er at det allereie frå start går feil retning. Industrilaks-anlegga må heller reinse opp utsleppa sine. Ikkje sleppe ut meir. Som nemnt i andre merknader til prosjektet er Oslofjorden til samanlikning i ferd med å bli kvelt av nitrogenutslepp, «lurv» og andre algar dekker sjøbotnen og det finst knapt ein fisk igjen. Daudt hav. Utsleppa frå Raudbergvika er berekna til å bli like store som i Oslofjorden, kan Storfjorden lide same skjebne?
Import og eksport
«Fjord» kommune skriv med påhalden penn at ei samlokalisering av anlegga i fjorde gir mindre transport og dermed lågare klimaavtrykk. Javel? Då er det på sin plass å minne om at industriell lakseproduksjon har eit svært stort klimaavtrykk og er basert på import av soya til fòr frå Brasil og andre utland. Mesteparten av produksjonen blir så eksportert på lastebil og med fly til EU, Asia og USA. Dette er motsette av kortreist mat basert på lokale råvarer. Dete er «World Wide Salmon» ikkje «World Heritage Salmon». Å etterlikne naturgjevne forhold som vasstraum, vasskvalitet og dagslys i lukka anlegg vil også truleg krevje store mengder elektrisk kraft? Den andre lokale råvaren i produksjonen er reint vatn frå Storfjorden, men vatnet vil bli mindre reint eter kvart som utsleppa aukar. (Var det nokon som nemnde brønnpissing?) Namnet på selskapet er i det store og heile misvisande. For kva har industriell lakseproduksjon med verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap å gjere? Slik det framstår i illustrasjonar og utgreiingar har ikkje utbyggjaren gjort forsøk på å tilpasse prosjektet til fjordlandskapet verken i utforming eller innhald. Dette er langt frå tradisjonell foredling av lokale råvarer. «World Heritage Salmon» utnytar statusen til verdsarv-namnet men vil i praksis svekke verdsarv-kvalitetane.
Store terrenginngrep
Utsprenging av tunellar og fjellhallar vil gi store terrenginngrep som kommentert av Else Ragni Ytredal i Storfjordnytt 4. mars. Kven vil ha eit steindeponi på eigedommen sin? Eller på naboen sin eigedom? Eller trafikk frå tunneldrifta gjennom Eidsdal sentrum? Korleis harmonerer tunneldrift med turistruta «The Golden Route» gjennom Eidsdal mot Geiranger? Steinmassane bør i alle fall ikkje fyllast i sjø av miljøomsyn. Transport av massane ut av området vil gi eit enda større klimaavtrykk.
Busetting og inntekter
Kommunen vil forståeleg nok sikre busettinga og håper at Raudbergvika kan bidra med fleire arbeidsplassar og skateinntekter. I landbruket er det krav om bu- og driveplikt for eigedommar over 35 dekar dyrka jord. Kvifor er det ikkje bu- og driveplikt for eit så stort anlegg som samanliknar seg med landbruk og driv matproduksjon? Kan kommunen stille krav om lokalt eigarskap? Eit slikt krav vil sikre lokal forankring og at skateinntektene i større grad blir i kommunen. Kanskje dei tilsette på anlegget vil pendle frå andre kommunar? Talet på lokalt tilsette vil truleg minke i takt med automatiseringa som går føre seg i næringa. Fjernstyrte anlegg med færre tilsette er tendensen innanfor denne og andre produksjonsprosessar (t.d. Tafjord Kraft). Kor mykje naturskade kan tolast mot eit ukjent tal arbeidsplassar med ei uviss framtid? Bør kommunen krevje andre vederlag ? Eit par søk på netet avslører at landbasert oppdret er umoden, at teknologien ikkje er særleg utesta i full skala og at det for tida er stor grad av eksperimentering. Aktørar innan næringa sjølv hevdar at landbasert oppdret krev enorme investeringar og areal, har store miljøkonsekvensar og derfor ikkje ei berekraftig løysing for framtida.
Dersom kommunen med namnet «Fjord» trossar innvendingane og går vidare med industrianlegget i verdsarvområdet, må utbyggjaren få langt strengare krav til reinsing av avløpsvatnet. Kommunen må få garantiar for del av inntektene. Det må stillast krav om å unngå store industribygg og installasjonar i sjøkanten ved innløpet til Norddalsfjorden og Sunnylvsfjorden slik utbyggjaren har foreslått. Det må stillast krav om å unngå steindeponi på land og i sjø.
Dersom desse vilkåra ikkje let seg gjennomføre så har Statsforvaltaren, Riksantikvaren, UNESCO og andre rett i at anlegget ikkje bør plasserast på denne staden. «World Heritage Salomon» bør uansett utbygging snarast ta medansvar for å redde dei lokale laksestammane dersom dei skal smykke seg med det namnet. Målet må vere å få tilbake meir av det rike dyrelivet. Fisk, fugl, krepsdyr, plankton, algar, kval og alt som høyrer til i ein levande fjord .