Torsdag 7. mars opna Eidsdal og Norddal pensjonistlag dørene til eit nytt møte.
Kjellarstova var pynta med friske vårfargar denne gongen. Om lag 40 kjekke folk kom for sosialt samvær.
Vi opna med «Samlesongen» til Martha Schumann, den går ikkje av moten – og det er så kjekt å høyre når trekkspel, gitar og meir eller mindre til årskomne røyster blandar seg.
Wenche ønskte velkomen og spesielt til gjesten vår, Bjørnar Midtbust, og hans fortryllande kone Eva Hove.
Vi måtte tenne lys for to sambygdingar som hadde forlatt oss.
Wenche las diktet Sorg og etterpå Skal helse frå fjellet. Nabolaget, som var skrympa inn til to denne gongen, spela ein flott vals, og det let fortreffeleg.
Så var det tid for å setje seg til rette for å høyre på Bjørnar, vi hadde forventningar må vite, og han leverte. Han opna med å presisere at han var ein amatør, ikkje sjølvaste … Var han ein amatør så veit ikkje eg kva vi andre er, kanskje noko under nedste trinnet på stigen som kjerringa sa. Han tok oss med på ei flott reise i naturen, nederst, midt på treet og øvst på toppane, noko for ein kvar smak.
Han ville syne oss vegen gjennom naturen, med fotograferinga si, song og musikk. Han gav oss ei utruleg reise, i bilete, med songen sin og ikkje minst fargane i naturen.
Eg fekk ei indre ro då han synte oss fargar i naturen, krydra med fantastisk flott musikk, den kraup heilt inn i sjela. Han synte bilete frå setrane rundt omkring, mange flotte turar, ja i det heile ei fantastisk reise.
Han avslutta med biletserie rundt omkring i Fjord kommune, pålagt flott musikk og avslutninga var song med Sissel Kyrkjebø. Du verden så flott, eg trur det kom ein tåre i augekroken då. Tusen takk Bjørnar, dette gjorde utruleg godt. Du er velkomen attende.
Det vart meir musikk, frå Nabolaget. Mat måtte vi ha, det smakte godt som vanleg.
I tillegg var det loddsal, info til laget, litt diskusjon og god prat. Alt i alt, eit framifrå bra møte sa mange.
Det er plass til fleire så kom, kom. Neste møte vert 4. april, med påmelding. Info i avisa seinare.
Takk til alle som bidrog til ein triveleg stund.
Vårklem frå Wenche