Onsdag 10. april var vi igjen samla til medlemsmøte på Grendasalen, og leiar Ann Elise kunne ønske dei 87 frammøtte hjarteleg velkomne. Gledeleg var det også å sjå at nokre medlemar frå pensjonistlaga i Eidsdal, Valldal og Ørskog hadde møtt opp og ville vere i lag med oss denne dagen.
Som vanleg opna vi møtet med dei to faste opningssongane til laget, godt akkompagnert av musikarane Nabolaget med forsangar Westerås.
Deretter vart det tent lys og halde eitt minutt stillheit til minne om avdøde medlem Anne Marit Johansen.
Ord for dagen vart halde av Steinar Lamo, som las dikta «Hugs når du i skogene går inn» av Haakon Lie og «Stunden» av Hans Ludvik Fredheim.
Så var stunda alle venta på komen – underhaldning av den kjente kåsøren og humoristen Arild Hoksnes – «barnefødd» på Aukra, men bor no i Molde. Han er godt kjent for sine tallrike kåseri mellom anna i NRK Radio, han har gjeve ut fleire humorbøker og dessutan fått tildelt fylkeskulturpris og Gullruten m.fl. Allerede frå hans første ord der han presenterte seg på ein humoristisk måte, runga latteren i salen. Han fortsatte med morosame tolkingar av ord og personar frå fleire kommunar i Møre og Romsdal. Mellom anna ordet «gamal» beskreiv/framførte han på mange morosame måtar, som til slutt enda med senior 50+ og med felles kjenneteikn «solcellepanel», hestehale, motorsykkel og tronge skinndressar m.m… Elles kom han inn på Noregs rikaste kommune Aukra, som har bygd kulturhus til fleire hundre millionar kroner og eit basseng som er så langt at dei «slepp å snu»… Det var masse latter under heile kåseriet. Umogleg å gjengi – Hoksnes må berre opplevast «In live». Han avslutta kåseriet med å spele gitar og synge «Det var før eg såg deg» (countrysongen «Before I met you» omskrive til norsk av Hoksnes sjølv).
Stor applaus frå salen og takk til Hoksnes for ei fantastisk morsom underhaldning.
Medan dei ansvarlege på kjøkkenet sette fram maten, underheldt Nabolaget med fin song og musikk. Karbonade- og salatsmørbrød, gjærkringle, sveler og kaffi smakte godt samtidig som praten gjekk livlig rundt borda. Åresal og trekking av gevinstar høyrer også med under medlemsmøta våre, og glade vinnarar fekk gevinstar med seg heim.
Avslutningsvis vart det sunge fleire allsongar, før leiar til slutt takka for eit triveleg møte saman, ønskte alle vel heim og vel møtt til neste medlemsmøte 8. mai.