Onsdag 5. juni var vi samla til siste medlemsmøte før sommaren. Leiar Ann Elise Dyrkorn ønskte alle hjarteleg velkomne og gav uttrykk for stor glede ved å sjå at heile 68 stykker hadde møtt opp denne dagen. Underhaldarane Arne og Kjartan Lied vart spesielt ønska velkomne.
Som vanleg opna vi med å synge dei to faste songane til laget: «Sangen til bygda» og «Sangen til Liabygda» – flott akkompagnert av Arne Lied på trekkspel.
Ord for dagen vart halde av Norma Rødset. Ho las først eit utdrag av boka «Å dyrke småtinglykke gjennom årstidene» av Else Britt Sæter, før ho las diktet «Barndomssommer» av Stein Roger Olsen.. Ho avslutta så med visa «Vår beste dag» av Erik Bye.
Arne og Kjartan Lied stod for underhaldninga i dag med musikk, sang og helsefaglege tema. Arne Lied er overlege/hjertelege ved Molde sjukehus, og han tok fram dei mest vanlege hjertesjukdommane, som til dømes hjerteflimmer, hjertesvikt, hjerteinfarkt, rytmeforstyrrelser, klaffefeil m.m. Han gav ei grei innføring kva dette handla om og korleis ein kan førebygge, behandle og leve med sjukdomen. Nok ein gong vart ein påminna kor viktig det er med lystbetont fysisk aktivitet, sunt kosthold, måtehald med alkohol og røykekutt som forebyggande tiltak. Det var ei lydhøyr forsamling og fleire fekk høve til å stille spørsmål som dei fekk svar på. Mange takk til Arne Lied for eit interessant og godt foredrag.
Så var det tid til noko å bite i. Kjøkkengjengen serverte god kaffi, salatsmørbrød, fiskekabaret/remuladesaus og kringle. Praten gjekk livlig – tydeleg at tid til å få pratast også er veldig viktig på desse møta. Som vanleg var det åresal og trekking av gevinstar under matpausen.
Innimellom underhaldninga elles, underheldt Kjartan Lied med mange fine og kjente sangar, mellom anna av den svenske visesongaren Evert Taube, akkompagnert av Arne på trekkspel.
Leiar Ann Elise gav fylgjande orientering:
• Turen til Sunndalen og spelet «Lady Arbuthnot» – Info vil bli utsendt.
• Neste medlemsmøte vert 4. september. Då kjem Storfjordens Venner v/Hoff og Kvernberg.
• Oktober: Det vert ikkje arrangert Fjordafest i år, men kvart enkelt pensjonistlag i Fjord kommune vil markere Eldredagen kvar for seg.
• Julebord vert i desember.
Avslutningsvis takka leiar for frammøtet, spesielt stor takk til Arne og Kjartan Lied. Ho ønskte alle ein god, fin sommar og vel møtt til medlemsmøtet i september.