På denne flotte dagen med sol frå skyfri himmel var det mange som fann vegen til Grendasalen og til medlemsmøtet. Etter kvart som klokka nærma seg 14:00 vart salen fylt opp – og gledeleg var det å sjå at heile 68 pensjonistar møtte opp.
Praten gjekk livleg frå første stund og mellom kvart underhaldningsinnslag – eit tydeleg teikn på at det å treffest og prate saman vert sett stor pris på blant dei frammøtte.
Møtet vart opna av leiar Ann Elise Dyrkorn som ønskte alle hjarteleg velkomne, spesielt til musikarane Fylling og Skrove og representantane frå HLF Indre Sunnmøre – Kjell Rønning og Elling Lindseth.
Norma Rødset heldt Ord for dagen. Med fin innleving las ho «Mars står for døra» eit utdrag frå boka «Å dyrke småtinglykke gjennom årstidene» av Else Britt Sæter. Vidare las ho diktet «Vårdag» av Arne Garborg. Ho uttrykte stor glede over at det no er vår, og håper vi andre også gler oss over den fine årstida som no ligg foran oss – med alt som spirer og gror etter vinterdvalen og sola som vil varme meir og meir etter kvart.
Tema for møtet i dag var hørselhemming. HLF Indre Sunnmøre v/Elling Lindset heldt eit innlegg om dette. Det er mange som slit med hørselen, og som oftast er det den hørselhemma sjølv som er den siste i familien som veit om det. Det kan vere slitsomt å vere hørselhemma, då det kan vere vanskeleg å få med seg alt som blir sagt, anten dette er heime eller i store forsamlingar. Det er då lett å ikkje delta i det sosiale, ein trekkjer seg heller tilbake. Dette må ein unngå, og han oppfordra sterkt til å vere open om situasjonen og få hjelp tidleg, sette fram krav. På Hørselsentralen får ein testa hørselen og høyreapparat vert tilpassa den enkelte sitt behov. Det går om lag 5-6 veker før ein blir vant til nye lydar. Derfor er det veldig viktig å bruke høyreapparata kontinuerleg/kvar dag for å unngå «hørselkaos». Vert det slitsomt, kan ein heller ta dei bort og «kvile» nokre minutt før ein set dei i øyret igjen, tilrådde han. I tillegg til høyreapparata finnes det fleire andre hjelpemiddel som til dømes teleslynge, samtaleforsterkar m.m. Dersom ein ikkje har høyreapparat som kan koplast direkte til TV, har NAV Hjelpemiddelsentral utstyr til dette. Ta kontakt med hørselkontakt i Fjord kommune – Gry Bente Stranden – ho er bindeledd inn mot Hjelpemiddelsentralen.
Til slutt orienterte Lindseth at HLF Indre Sunnmøre har fått låne ei vogn med testeutstyr og kjem til Stordal den 25. mai. Då er det mogleg for den som ikkje har teke hørseltest tidlegare, å få testa dette denne dagen. Kunngjering vil bli gjort når det nærmer seg.
Leiar orienterte om fylgjande:
• Tur til Sunndal med Geiranger Turlag – der det er bestilt billetter til musikkspelet «Lady Arbuthnott». Turen går over to dagar – 25.-26. juni. Liste vart sendt rundt for å sjå kva interesse det er blant dei frammøtte. Elles vil program og endeleg påmelding bli sendt medlemane i god tid før turen. Turnemnda arbeider elles med fleire tur-alternativ som ein kjem tilbake til seinare.
• Då det er stor interesse for fleire bowlingkveldar, vil det bli sett opp nokre dagar i april til dette. Liste vert sett opp og sendt ut.
• På medlemsmøtet 10. april kjem humorist og musikar Arild Hoksnes, og på møtet den 8. mai kjem Vidar Parr og underheld. Tema/underhaldning på siste møtet før ferien – 5. juni – har styret ikkje heilt fått klargjort enno.
• Oppfriskningskurs for bilførarar over 65 år. Statens Vegvesen held gratis kurs i Breivika over to dagar, kvar kursdag varer 3,5-4 timar. Interesserte kan melde seg på ved å gå direkte inn på Statens Vegvesen si heimeside.
Så var det tid for kaffipause. Takk til kjøkkengjengen som serverte lekre og smakfulle egg/laks- og salatsmørbrød, gjærkringle og kaffi. Under kaffipausen var det åresal og deretter trekking av gevinstar.
Møtet vart avslutta med fleire allsongar, mellom anna «Har du fyr», «Barn av regnbuen» og «Lys og varme» – forsangar og musikk av Fylling og Skrove. Stor takk til musikarane som underheldt oss med flott song og gitar/trekkspelmusikk under heile møtet. Takk også til Elling Lindset for interessant innlegg.
Til slutt ønskte leiar alle vel heim, god påske og vel møtt til neste medlemsmøte 10. april.
NVB – ref.