Ser i SN at ein viss Ola Lied ute i Liobygda meiner seg kapabel til å fortelje oss inne i Fjørå, kva bygda vår skal heite og soleis og kva tunellen inn til oss bør heite. No er det ei anna oppfatning i bygda når det gjeld namnet. Namnet meiner vi er knytt til ei å som renn ut i sjøen her. Altså fjøråna. Difor vert det feil å byte ut særnamnet Fjørå, med fjøre eller fjøra, som begge er samnamn.
No har det vist seg at etter at 6212 Fjørå, vart nedlagd, har det vorte meir og meir vanleg å anonymisere bygda vår. Slik var det gjerne i gamle Norddal, og det ser ut til å følgje med inn i Fjord kommune og. I turistsamanheng og ellers, vart det fortalt at Norddal besto av fem 5 bygdelag. Men når ein reta opp namna, så vart ikkje Fjørå nemnt. Vi hadde Fjørå skule, Fjørå kai og Fjørå Samvirkelag. Det einaste som fysisk er att i dag er: Fjårå kai og der stend namnet med store bokstavar.
Vi alle, har eit forhold til den bygda vi har vakse opp i og bor i. Stadnamnet er og blir ein del av vår identitet, same kor andre strevar for å bryte ned denne.
Eg er gamal nok til å minnest ute i Liobygda, då ein liten tunellstubbe der ute hadde fått ein h for mykje i namnet som var prenta inn i betongen. Dette skapte så mykje motbør i bygda, at vegvesenet anonymiserte denne bokstaven. Det same vonar eg at vert gjort med Fjøråtunellen. At den e-en som ikkje skal vere der vert bytt ut med ein Å, som er det einaste rette.
Det er for så vidt greit at andre synsar i slike saker. Men då er det og greit at dei byrjar med folket som bur på ein stad, i staden for å la seg forlede av det ein gauk på Molde, måtte ha funne ut.
På same måte som eg vil respektere at nabobygda vil heite Liabygda, ventar eg at namnet på vår bygd og vert respektert.