Kjellarstova kl. 16.00 var staden å vere denne dagen.
Det står i songen at «ein skal ikkje tru det blir sommar før vi jagar vinteren bort», og jammen santen er det tilfelle.
Vêret var fint, men gradestokken var ikkje vår ven. Det såg ikkje ut til å leggje nokon dempar på alle smilande personane som kom til kjellarstova denne dagen.
Gule, lysande serviettar, eit etterslep etter påska, gav litt vårleg stemning.
Wenche (eg) ønskte velkomen, eg var skikkeleg glad for at så mange ville kome.
Ord for dagen las eg, «Mareritt i mai» av Jostein Kvithaug. Allsong måtte vi ha, i tillegg til anna musikk som den fortryllande kvartetten vår stod for.
Så vart dagens gjest presentert, Ivar Hol med primstav og klår røyst.
Han beretta om vêr, vind, primstav, tegn, måne, sol, himmelretningar, gamle sagn, datoar, og … kven greier følgje med på alt saman??? Ein må rett og slett vere til stades skal ein få med seg alt.
Hol fortalde at 11. november, på Mortensmesse, skulle bjørnen, eller «bjønn» som han sa, gå i hi.
Skulle nokon vere så uheldige å gå gjennom isen etter 22. februar, måtte ein ikkje rekne med å verte redda, eller ta det for gitt. Ein var ikkje forplikta til å redde nokon då. Skulle den personen drukne, vart vedkommande gravlagt utafor kyrkjegarden. Det var sanneleg ikkje alt som var bra før heller…
24. september er mikkels-messe. Då skulle all avling vere kome i hus, det var ein festdag.
Vart det fullmåne i nordvest, ja da kom orkanen. Det stemmer med dei siste orkanane her på våre kantar.
Elles har fullmånen mykje på og med seg, smerter ved ymse lidingar, den på verkar gjærbaksten, god eller dårleg søvn. Gjærsoppen den er aktiv på veksande måne, det er dokumentert.
Mest mottakeleg ved fullmåne er sinnet vårt…
Dommedagsprofetane seier det går gale med oss snart, det har vorte så varmt, men: på 1200-talet dyrka dei korn på Grønland og isbreane minka faretruande. Det var varmt då også.
Dette var berre eit lite utdrag av alt vi fekk høyre denne kvelden.
Så vart det litt musikk igjen, etterfølgt av god mat som vanleg i form av Toves populære karbonadar og knallgode kaker. Åresal og trekking vart det også, i tillegg til at det sjølvsagt var tid for både informasjon og den gode praten rundt borda.
Styret ønskjer å seie tusen takk for godt frammøte. Neste møte vert 2. mai.
Helsing,
Wenche og resten av gjengen
PS.: Vi er av god gamal årgang, men held koken.