Eidsdal og Norddal pensjonistlag opna dørene til Kjellarstova torsdag 10. oktober. Dette var fyrste møte etter ferien, men vi har hatt dagstur i september.
Det var kjekt å sjå så mange fine folk, om lag 40 personar var til stades. Vi skulle markere Eldredagen, og i det høvet vart det servert gratis mat og drikke. Vi fekk kjøttsuppe/brennsnut, brød og smør. Tove og Roar er reine ekspertane, så vi takkar for det. Til kaffien vart det servert kake frå Neridardsløa og glutenfritt frå Sanna.
Møtet starta med å tenne ljos for fire sambygdingar som hadde gått bort sidan sist.
Nabolaget spelte opp «De nære ting», som allsong. Ellers fekk vi høyre «Vandringsmenn syng», «Hele uken alene», «Inbjudan til Bohuslän» og mange fleire. Det er alltid sjelebot å høyra på dei karane, dei er gull verdt.
Dagens gjest var Elling Lindset frå Tresfjord, busett i Tafjord. Han skulle ta oss med på vandring i øyrenes verd, og dette kunne han. Han er leiar i fylkeslaget til HLF, han er likeperson. HLF er forkortinga for Hørselshemmedes Landsforbund er verdens største hørselsorganisasjon med 62 200 medlemmar i år. I Møre og Romsdal er det 3500 medlemmer.
Dei jobbar for å gjere kvardagen betre for dei som har problemer med hørsel osv. Problema er mange: tunghøyrte, tinnitus, menieres (kronisk sjukdom i labyrinten i det indre øyret). Tinnitus er det mange som slit med og det er ubehagelig. Mange har moderate plager, mens andre har store.
Det er med dette som med mykje anna, det må prøvast for å forstå problemet. Legane veit ikkje så mykje om hjelp for dette, men mange har fått hjelp etter at dei begynte med høreapparat. Det vart anbefalt ein lege ved Molde sjukehus – Dag Sunde, som er ein ekspert på dette og som vert nytta både her og i utlandet.
Høyreapparata er det mange som nyttar ved høve som festlege lag, samankomstar, møte osv. Dei må brukast heile tida for at øyret skal kunne venje seg til dei nye lydane, det tek litt tid. Dette kan verke irriterande, ekkelt, og ein vert sliten, men det er nausynt for oss (kanskje nokon følte seg råka av dette?) Vi vart oppfordra til å sjå på personen vi snakkar med, snakke roleg, tydeleg, ikkje halde fingrane framfor munnen osv…
I alle kommunar skal det vere ein person som ein kan kontakte om høyrselshemming. I Fjord kommune er det ergoterapeut Gry Bente Stranden tlf. 41 86079 57.
Det var interessant å høyre på han, det er mykje å halde styr på i vårt lille øyre, men det er eit viktig organ. Dei tunghøyrte lever i ei eiga verd, og den kan vere tung og einsam. Derfor er det viktig å få litt kunnskap om korleis vi skal te oss.
Etter ei god matykt og åresalg, var det tid for markering av eldredagen. Den var det leiar i eldrerådet, Ann Elise Dyrkorn, som tok seg av.
Eldrerådet har hatt møte med ordførar angåande kollektivtransport i Fjord kommune, det vart etterfølgt av møte med Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det har også vore møte med Fagforbundet v/Romesh angåande planprosessen i helseavdelinga og flytting av demensavdelinga.
Andre saker:
• Frå 1. januar 2024 blei det mogleg for kommunane å ta i bruk digitale ledsagerbevis.
• Aldersvennleg må med i kommunens planstrategi.
• Høyring angåande oppstart av arbeid med kommuneplanen sin arealdel for Fjord kommune.
• Sansehage/opplevingspark i Valldal.
• Synfaring på Stordalstunet.
• Inn på tunet.
I tillegg gjorde vi stas på fire jubilantar, med blomar.
Hjarteleg takk til alle som kom. Neste møte vert 14 november.
Alle vi i styret seier velkomne attende alle i hop pluss fleire