Eigedomsskatten har sjølvsagt vorte det store og uunngåelege samtaleemnet i bygdene i Fjord kommune. Og det er ikkje måte på kor mykje velstand den skal føre med seg. Den skal visst, etter det vi kan sjå av avisene, føre med seg at den budsjettmessige balansen som kommunen har vedtatt for 2024, vil gi større og større overskot i åra etter. Likevel synes det å haste med å få den innført, koste kva det koste vil. Her siktar vi til kostnadane til takseringa. Vi har sjølvsagt ikkje oversikt over kva det vil koste å taksere alle eigedomar og bygningar. Men den oversikta får nok heller ikkje kommunen, før i etterkant. Og når det så er sendt ut melding til innbyggjarane om taksering av bustadhus, hytter, garasjar, naust, bryggjarhus og brønnhus, då vert vår fantasi fattig når det gjeld sluttkostnadane.
I Bygdebladet den 20. august fann vi likevel eit håp. Varaordføraren ser for seg at det blir mykje diskusjon utover hausten. «Vi må ha gode og faktabaserte løysingar og vi må sjå korleis dette går ut over bedriftene våre for i størst grad er det jo næringslivet som vert treft av dette» seier han. Javel, men han tenkjer ikkje på at det også vil gå ut over den einskilde innbyggjar, sjølv om han i neste avsnitt viser til at det vert fleire og fleire eldre som vel å flytte frå kommunen. Er det då slik å forstå at innføring av eigedomsskatt vil bremse denne fråflyttinga?
Vi får dei politikarane vi fortener, heiter det. Å jøye oss. Plutseleg kan dette bli snudd på hovudet, slik at politikarane får dei innbyggjarane og veljarane dei fortener. Sjølve spør vi oss kva gale vi har gjort som har fått slike politikarar? Men no er vi komne langt inn på kommunestyret sine einemerke og kompetanse. Likevel bør dei få ein sjanse til å ta til fornufta.
Medan vi likevel er ved tastaturet kan vi ikkje unnlate å lufte vår frustrasjon over sakshandsaminga, forut for innføringa av eigedomsskatten, som no ser ut for å vere banka i gjennom, utan å vente på kommunestyrevedtak nærare jul.
Og vi har grundig vurdert tidlegare Stortingsrepresentant Hanna Kvanmo sin uttale om at «ein skal velje sine frustrasjonar med omhug». Her er valet lett.
I ei orientering frå Fjord kommune, lagt ut på heimesida den 22. august, les vi at det «Som eit hjelpemiddel til synfaringa og den påfølgjande takseringa vil det bli utarbeida eigne takseringsreglar. Dokumentet vert tilgjengeleg på kommunen si nettside når det vert endeleg vedteke.» – Det står også at dei som ser på eigedomen vil sjekke fakta, foreta oppmåling og ta bilete av bygg. Vi ser føre oss «synfararane i gule vestar» dragsande på røntgenapparat, for det er vel ikkje berre den ytre tilstanden på bygningane som skal dokumenterast, hus har også «eit indre liv».
Og så treng eigar ikkje å vere til stades under synfaringa. Ja det går vel mest smertefritt då, for dei gulkledde?
Er det ingen i administrasjonen eller av politikarane som har tenkt tanken at det er både heilt naturleg og det einaste fornuftige å ha takseringsreglane klare før dei gulkledde blir sendt ut i terrenget? Eller blir det lagt opp til store mengder av klageskriv i ettertid, som så vil føre med seg enda meir sakshandsaming?
Vi ønskjer både kommuneadministrasjonen og politikarane lukke til med «eit godt og faktabasert resultat». Kanskje kan desse linjene av Ivar Aasen vere ei hjelp på vegen:
Og kor du bryggjar og kor du bakar,
D’er alltid ein, som det ikkje smakar.
Med helsing frå
Herreklubben i Stordal