Eg har dei siste åra lese i Storfjordnytt om det planlagde oppdrettsanlegget i Raudbergvika. Den viktigaste positive verknaden av dette ville nok vere arbeidsplassane det gir.
Men eg tenkjer også på dei ulempene det vil medføre, og her er nitrogenutsleppet til fjorden den største. Eg har forstått at det er kjempestort. Tilsvarande nitrogenutsleppet frå 1 million menneske meiner eg å ha lest,men her er det mulig eg hugsar feil. Det synes likevel klart at det vil påverke vasskvaliteten i klart negativ lei. Utskiftinga av fjordvatnet har sine grenser,her inne,langt frå det opne havet. I Oslofjorden er høgt nitrogeninnhold hovudårsaka til problema der. Særleg er lurven eit stort problem der, desse grå algane som legg seg over den naturlege tangen og taren, slik at den mange stader vert heilt utrydda.
Korleis det vil slå ut i Storfjorden veit ingen sikkert,men eg trur at ein etter mange nok år vil merke negative verknader mange stader. Trist med grå trådalgar i staden for brun, frisk tare!
Kva med eit kompromiss, med eit anlegg av halv storleik? Det vil framleis vere eit stort anlegg.