«Over eit fjell gjennom ein tunnel
over ei bru og der bur du.
Håper du veit kor heldig du e,
du bur på Vestlandet»
song Vilde og Anna i MGP junior i 2016.
22. og 23. august var medlemer i Fjørå og Valldal pensjonistlag på tur med Geiranger turbuss. Turplanen var lagt: Stranda, Nordfjordeid, Ervika, Vestkapp, Selje og Måløy, med retur om Bryggja, Nordfjordeid, Bjørkedalen og Grodås. Reiseruta gjekk gjennom mange nye eller endra kommunar.
Vi starta frå Valldal i den nye heimekommunen Fjord, gjennom Hornindal lagt til Volda kommune, nye Stad med Eid og Selje, og nye Kinn med Vågsøy og Flora.
Turdagane kom med mykje regn og blåst, men vi sat trygt i bussen med våtveret på utsida av ruta.
Ei som var med på turen, vaks opp i gamle Eid kommune. Ho fortalde at der sa folk: Du må passe deg for sunnmøringane! Og dette hadde si rot i kva som hende for lenge sidan. Då Olav skulle kristne Noreg, var det mange småkongar som slost om makta. På den tida var det ein kongsgard i Naustdal. Staden ligg no vestanfor Nordfjordeid. Kongen her hadde bedt saman til eit svært gilde, truleg om hausten. Men Ragnvald Mørejarl hadde høyrt gjete samkoma, og han la i veg sørover med mennene sine. Vel framme drap dei folket som var samla, og tok med seg alle dyra. I Eid feirar dei ikkje olsok, fortalde ho, som trass i åtvaringar flytta til Sunnmøre og vart gift i Valldal.
Første turdagen fekk vi servert lunsj på kafeen ”Fru Inga” i Leikanger. Fru Inga dreiv butikk der før i tida. Ho var også jordmor, og den store jordmorveska var ein av mange ting som stod på utstilling.
Ei av damene som stod for serveringa – brensnut og eplekake – fortalde at ho hadde aner i Valldal, ein oldefar eller tippoldefar Tore Linge.
I Ervika var vi innom Ervik kyrkje. Her fortalde ein guide om hurtigruta St. Svithun som vart bomba 30. september 1943 av britiske fly rett utanfor Ervik. 75 menneske vart berga av småbåtar frå bygda, 50 omkom. Kyrkja vart bygd som ei minnekyrkje og vigsla i 1970. Skipsklokka frå St.Svithun er kyrkjeklokke. Ankeret frå båten vart også heva og er plassert framfor kyrkja.
Bussen køyrde ein svipp opp på Kjerringplatået på Vestkapp. Vi kunne ikkje vere på Stadlandet utan å ta turen dit, sa buss-sjåføren. Det var ei oppleving, vi såg korleis det skumma kvitt i bårene langt nede. Men vinden tok kraftig i bussen, så ingen tok turen ut. Vi var letta då vi kom oss derifrå.
Første dagen enda med middag og overnatting på Thon hotell i Måløy.
Neste dag brukte vi føremiddagen på Måløyraidsenteret. Samlinga var delt i tre: Måløyraidet, Lingekompaniet og Tysklandsbrigaden. Ein kunnskapsrik guide losa oss rundt. Måløyraidet 27. desember 1941 var eit alliert kommandoraid mot Hitler sine styrkar som var stasjonerte i Måløy. Åtaket kom uventa, og dei fleste tyske vart drepne eller tekne til fange. Martin Linge fall her.
Andre turdagen vart det middag i Josybuda på Kalvatn i Austefjorden. Her varta ei blid bergensdame opp med store porsjonar av sosakjøt og karamellpudding. Kafeen var i ein fint oppussa låve med mange gamle ting rundt i rommet. I underetasjen var det antikkutsal.
Så barst det strake vegen heimover, gjennom Kvivstunellen, Streketunnelen, Ljøtunnelen og Lingetunnelane. Turen var rik på opplevingar, og som songen fortalde, på Vestlandet er det mange tunnelar.