Torsdag 2. mai var det duka til nytt møte i Kjellarstova, av Eidsdal og Norddal pensjonistlag. Det var nydeleg vêr, sommaren har banka på døra, fuglane kvitra og vi like så. Det var flotte sommarfargar både ute og inne, og vi let oss rive med. Trass i finevêret, var det mellom 35 og 40 som møtte opp.
Nabolaget opna med «Tulipaner frå Amsterdam» og Wenche ønskte velkomen og hadde ord for dagen med «Sommarens sjarme» av Jostein Kvithaug. Så vart det ein Gluntan-låta «Mykje som kjem fram når snøen forsvinn». Vidare song og spelte dei ein av Arild Hoksnes, «Før I såg de».
Så var det tid for dagens gjest: brannsjef Inge Teigen. Han besøkte oss for å fortelje og minne oss på kor viktig det er med brannvern både i heimen, på hytta og elles. Det er mange som arbeider i brannvesenet, seks faste tilsette og elles 90 deltidstilsette som stiller opp, kvinner og menn. I vårt distrikt med grisgrent busetting, er brannvesenet viktig på fleire område enn brann. Dei rykkjer ut ved akutt sjukdom der ambulansen er meir enn 20 minutt unna, dei er kursa og har utstyr.
Så snakka han om brannvern i huset. Kvar brenn det mest? Jau det er i kjøkkenet og vaskerommet, og det er fordi vi har mykje elektriske ting der. Brann ved stearinlys er det mykje av. Ved slike brannar kan ein risikere å få berre 50 prosent av forsikringssummen. Dei som er mest utsette for brann er eldre menneske, pleietrengande, folk med nedsett funksjonsevne og rusavhengige. Det er arbeidd for at det skal vere trygt å bu heime, at ingen omkjem. Hjelpemiddel ved brann er viktig, med brannvarslar i alle rom, helst seriekobla. Naudnummer er greitt å ha lagra på telefonen. Gode rømningsvegar er viktig, det same er å halde det ryddig slik at hjelpa kjem seg fram. Viktig er det også med sløkkjeutstyr, mindre levande lys osv…
Det kom inn fleire spørsmål frå folket og det er bra. Teigen snakka om mykje meir, eit engasjerande møte og ikkje minst, nyttig. Vi takkar så mykje til ein flink og sympatisk mann.
Vidare gjekk det slag i slag med meir musikk, matservering, loddsalg og lagsinformasjon. Vi takkar alle som har tatt lodd på boka vår, pengane skal godt handterast og alt kjem bygdene til gode.
Neste møte er 30 mai, med påmelding. Annonse kjem i Storfjordnytt når det nærmar seg. Takk til alle som kom på møte denne gongen.
God mai frå Wenche og
hennar fantastiske gjeng