Svar til Fjord Høgre på lesarinnlegg i Storfjordnytt tysdag 26. mars
I Fjord høgre sitt lesarinnlegg i Storfjordnytt tysdag 26. mars «Kva tenkjer posisjonen?» står det å lese at «I fem år har Fjord kommunestyre etterlyst overordna strategiar og planar for sektorane helse, pleie og omsorg og oppvekst og kultur». Korleis planstrategi har vore følgd opp, og korleis kommunen har vore styrt i førre periode tenkjer vi at mellom anna Høgre har svar på sjølve.
Det er ingen tvil om at det er behov for overordna planar både for helse, velferd og omsorg, og oppvekst. Det er heller ingen tvil om at kommunen treng å gjennomføre gode prosessar med grundig og god forankring, medverknad og kommunikasjon.
Kommunedirektøren har presentert skisse til planprosess for helse, velferd og omsorg både for formannskapet 29. februar og kommunestyret 21. mars. Denne skissa skildrar korleis ein god prosess kan gjennomførast for å sikre best mogleg forankring og medverknad både blant tilsette, pårørande, politikarar og andre interessentar. Kommunedirektøren har fått gode tilbakemeldingar på skissa både frå formannskap og kommunestyre, og vi ser for oss at det er slik det skal jobbast framover for å få på plass ein god plan for helse, velferd og omsorg.
Oversendingsframlegget som Høgre fremja i formannskapsmøte 29. februar vart i kommunestyret 21. mars svart ut av administrasjonen med følgjande anbefaling: «Administrasjonen ser behov for å få på plass ein langsiktig plan for helse, omsorg og velferd og har lagt opp til det, men vurderer at eit slikt arbeid tar betydeleg lenger tid enn skissert i dette forslaget. Fjord kommune bør ikkje gjennomføre ein prosess for å vedta ein heilskapleg plan for tenesteområdet Helse, omsorg og velferd med så korttidsperspektiv. For det første er det uklart om det i det heile er mogleg sjølv med innleigd kompetanse. For det andre er risikoen ved å stille omstillingane «i bero» høge i høve til økonomi. For det tredje vil risikoen auke for arbeidsmiljø og pasientar elles. Omstillingane bør difor fortsette som vedteke i budsjett og økonomiplan for 2024.» Her følgde vi anbefalinga til administrasjonen og stemte mot Høgre sitt oversendingsframlegg.
I dagane rett før kommunestyremøtet 21. mars vart vi kontakta av tillitsvalde som meinte at vedtaket som vart gjort i samband med budsjettet i haust med flytting av demensavdelinga frå Valldal til Stordal og nedlegging av kjøkkenet i Stordal ikkje ville vere gjennomførbart. På bakgrunn av dette førebudde vi eit eige framlegg til vedtak der vi i utgangspunktet ønskte å be administrasjonen om å ta ein ekstra runde med dei tillitsvalde. Det er berre å seie det som det er; dette framlegget hadde vi for dårleg tid til å gjere ein god nok jobb med forankring i gruppene i forkant av møtet. Derfor måtte vi be om gruppemøte, og framlegget blei trekt då det ikkje hadde fleirtal. Kommunestyret vil følgje nøye med vidare, og ønsker rapportering i kvart kommunestyre om omstillingsprosessen.
Så kva tenkjer posisjonen? Vi tenkjer at vi med kommunedirektøren si skisse til planprosess for helse, velferd og omsorg skal få til ein god prosess framover for å sikre god medverking slik at vi får ein god, framtidsretta plan som er godt forankra både hjå tilsette, pårørande og politikarar, og som skal vere til det beste for brukarar av tenestene i Fjord kommune.
Fjord Senterparti
Fjord Arbeiderparti
Fjord Sosialistisk Venstreparti