I helga deltok Valldal hornmusikklag i NM janitsjar i Trondheim for første gong på mange år. Det vart ei positiv oppleving for korpset!
Vi spelte fredagskvelden – og NM-stykket vårt var «The Flood» – som mange av dykk har høyrt oss spele.
Sidan det er mange år sidan sist vi var med i NM, var det 7. divisjon som var «vår» divisjon. Vi er svært nøgde med å bli nummer åtte med 86 poeng (100 poeng er toppscore) av totalt elleve korps i divisjonen. Tilbakemeldingane frå dommarane var både gode og konstruktive, her vart det peikt på mykje vi kan jobbe med vidare. Det meste av dette visste vi frå før, men nokre gongar treng ein å høyre det frå andre. «Dette var fint å høre på, tusen takk for konserten. Og lykke til med videre musikalsk arbeid,» var sluttkommentaren frå den eine av dei to dommarane. Kjekt!
Korpsmiljøet er inkluderande, og mange spelar i fleire korps – og korpsa lånar musikantar av kvarandre i høve som dette. Det gjorde vi, og vi hadde også medlemmar som spelte med andre korps.
Musikklaget Brage stilte i 2. divisjon, her er tre av våre musikantar med. Brage kom på andreplass i divisjonen med 94 poeng – og rykkjer dermed opp til førstedivisjon neste år. Gratulerer!
Også hos Tresfjord Janitsjar i fjerdedivisjon var det valldalingar å finne. Dei enda på ein fin femteplass med 91 poeng.
Sykkylven Janitsjarorkester vann tredjedivisjon på suverent vis med heile 98 poeng, heile tre poeng foran andreplassen, og rykkar opp ein divisjon til neste år. I tillegg stakk Sykkylven av med både solist- og gruppepris for høvesvis sopransaksofon og trombone.
Vi tek av oss hatten for – og gratulerer alle korpsa frå regionen vår med framifrå resultat. Vel fortent!
Ettersom vi spelte fredagskvelden, så hadde vi heile laurdagen fri til å høyre på andre korps i ulike divisjonar. Det er kjempenyttig å høyre på kva andre får til, ikkje minst er det til stor inspirasjon for mange av oss. Om vi tek til oss innspela vi fekk i dommarvurderinga, så kan det hende at vi scorer endå betre neste år. Ja, vi seier «neste år», for i alle fall laurdagskvelden var det stemning blant medlemmane om at vi må vere med då også.
Valldal hornmusikklag har mange gode støttespelarar. Nokre av dei var med til Trondheim som heiagjeng og publikum, andre stiller opp med sponsing når vi har ulike arrangement.
Sparebanken Møre bidrog med støtte til NM denne gongen, det set vi umåteleg stor pris på – og nyttar høvet til å takke.
Vi takkar også den dyktige dirigenten vår, Evgenii Zhukov, for at han er så positiv og held ut med oss.
Så håpar vi at de har lyst til å kome når vi inviterer til nye konsertar, vi treng noko å jobbe fram imot – og ikkje minst, vi treng å øve på å spele konsertar. Då treng vi publikum.