Svar på lesarinnlegg Tor Waaler 24.05.24 Storfjordnytt og 28.05.24 Nyss
I det følgjande kommenterer eg punktvis det som er relevant å kommentere i Tor Waaler sitt lesarinnlegg. Punkt 4. og 5. vert ikkje kommentert då det ikkje er Fjord kommune som kan svare på dette.
1. Planarbeidet. Du har nok misforstått. Arealdelen av kommuneplanen er ikkje til høyring, det er planprogrammet for arealplanarbeidet som er til høyring. Sjølve prosessen med ny arealplan for Fjord kommune er akkurat starta opp. Når det gjeld kommunedelplan for Felles sjøarealplan for Fjord, Stranda og Sykkylven kommune skal planforslag behandlast i formannskapet i Fjord kommune 6. juni. Vi har ikkje fått utsendt sakspapira enno, men etter det eg forstår er Raudbergvika omtalt i planen.
2. Ordføraren. Eg ser ingen problem med at eg som ordførar i ein film som Hofseth har laga og publisert på nettsida raudbergvika.no uttalar meg positivt om dette prosjektet, og kor viktig dette er for den samfunnsmessige berekrafta i Fjord og omkringliggande kommunar. Igjen vil eg vise til at eg har eit samrøystes kommunestyre bak meg som har vedtatt revidert planforslag til områdeplan for landbasert oppdrett Raudbergvika-Eidsdal.
3. Industriprosjektet Raudbergvika. Når det gjeld utslepp viser eg nok ein gong til den faglege dokumentasjonen som følgjer prosjektet der dei fremste fagmiljøa i Norge har vore involvert i vurderingane, og konkludert med “… et omfattende faglig dokumentasjonsunderlag konkluderer med sannsynlighetsovervekt at vannforekomst vil opprettholde miljømål om minimum «god økologisk tilstand» og at utslippet ikke vil lede til betydelig eller irreversibel skade selv ved full kapasitet.” Vi viser også til at Møre og Romsdal fylkeskommune 29.01.24 trekte si motsegn heimla i vassforskrifta ut frå følgjande vurdering: «Ut frå ei samla vurdering, synest det som at risikoen for redusert miljøkvalitet i dei aktuelle vassførekomstane er svært liten».
Når det gjeld massehandtering viser eg igjen til at utbyggar må ha ein plan for massehandtering, og ha avtale om deponering på lovleg mottaksområde før tiltaket kan settast i gang. Kommunen skal føre kontroll med dette gjennom si behandling, og i tillegg kan Statsforvaltar bli trekt inn gjennom behandlingskrav i forureiningslova. Ein risikerer dermed ikkje ukontrollerbare og negative verknadar for miljø og samfunn.
6. Offentlegheitslova. Som jurist bør du kjenne til at vi ikkje driv saksbehandling gjennom lokalavisene. Innsynskrav må sendast formelt til postmottak. Eg registrerer her at du går ut i media og etterlyser svar på innsynskrav same dagen som du formelt har sendt det inn. Vi har starta arbeidet med å svare ut ditt innsynskrav. For ordens skuld, og som informasjon til ålmenta, understrekar vi også at dokument knytt til saka, inklusive epostar, kan sjåast i kommunen si innsynsløysing på fjord.kommune.no ved å trykke på Postliste oppe til høgre, og så ved å søke på Raudbergvika eller saksnummer 2020/4359.