Mai månad har gitt oss varme og solrike dagar, og mange av oss har heilt sikkert vore ute og stelt i hagar og bed etter vinteren. Kjekt var det difor å sjå at mange tok seg fri frå utearbeid og kom på medlemsmøtet denne dagen.
Leiar Ann Elise Dyrkorn opna møtet med å ønskje alle hjarteleg velkomne, spesielt ønskte ho dei inviterte æresmedlemane og musikarane – «Nabolaget» – hjarteleg velkomne.
Inger Lianes Hove held Ord for dagen. Ho las diktet «Heimlandet» av Ivar Aasen. Diktet var teke ut frå ei bok som var utgiven i 1905, og skrive på landsmål. Vidare las ho diktet «Blåklokka» av Tordis Sundgot Urke.
Innimellom både allsong og song/musikk av «Nabolaget», var det ymse programinnslag. Leiar orienterte også om fylgjande:
• Tur til Sunndal og musikkspelet «Lady Abuthnott»: 25.-26. juni. På denne turen treng ein ikkje vere medlem for å melde seg på. Påmeldingsfrist 20. mai.
• Tur til Industrimuseet på Stranda og Møbelmuseet i Sykkylven: 23. mai. Påmeldingsfrist 14. mai.
• Bowling er populært, og mange viste interesse for å dra på bowling ein gong til før sommaren. Leiar tek kontakt med Kulå for å høyre om ledig dag 30. mai.
Så var tida komen til å heidre dei ti æresmedlemane som har vore trufaste medlemar i laget gjennom 15 år. Leiar retta ei stor takk til kvar og ein av dei for innsatsen dei på kvar sin måte har bidratt med gjennom desse åra. Dei fekk tildelt Pensjonistforbundet sitt hedersmerke som pin og kvar sin rosebukett – til stor applaus/gratulasjon frå salen. Æresmedlemane var: Einar Waldal, Olav Dybdal, Bjørg Vad, Hallbjørg Vinje, Johan Vinje, Selly Haukvik, Ottar Røren, Grete Fedje, Eirik Olsen og Sveinung Flo.
Så var det tid for kaffipause – deilige smørbrød, kringle og kaffi vart servert.
Quiz og Lurespørsmål vart delt ut på alle bord, og her var det mange «morsomme» svar på lurespørsmåla, men jammen var det mange som hadde mykje rett også. Dei beste laga/borda fekk premie.
Under kaffipausen var det også sal av årer og 30 vinnarar fekk med seg blomster- og sjokoladegevinstar heim.
Praten gjekk livlig rundt borda i pausane, og leiar syntest det var synd å måtte bryte av den gode praten då tida var komen til å avslutte medlemsmøtet.
Ho takka «Nabolaget» og alle frammøtte, ønskte alle vel heim, god pinse og 17. mai. Neste medlemsmøtet vert 5. juni.
Applaus frå salen som takk til «Nabolaget» for god underhaldning .