– ope brev til Senterpartiet ved partileiar, landstyret, sentralstyret og parlamentarisk leiar
Vi tre som har signert på denne bekymringsmeldinga, krev at Senterpartiet støttar det alternative forslaget frå SV, MDG, Rødt og Krf om val av modell for berekning av talmaterialet som må ligge til grunn for å tette det reelle inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper, når saka kjem til behandling i stortinget komande torsdag.
Vi er opprørte over at Senterpartiet har alliert seg med Høgre og Venstre i landbrukspolitikken, og samtidig snudd ryggen til parti som vil hjelpe oss å innfri valløfta våre. Både SV, MDG, Rødt og Krf har i dette tilfellet strekt ut ei hjelpande hand, for å sikre fleirtal for ei av Senterpartiet sine hjartesaker, dvs. tetting av det reelle inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. At partileiinga i ein slik situasjon takkar nei til hjelp, og lener seg på ei subsidiær og verdilaus stemmegiving frå Høgre og Venstre, er heilt uforståeleg! Det er provoserande og har skapt harme og mismot utover heile landet.
Vi meiner at Senterpartiet sitt viktigaste politiske prosjekt ligg i linja «bonden – bygda – beredskap». Det er i distrikta partiet har sin legitimitet. I forvalting av naturresursar, kulturminne og busetnad. I dette samfunnsoppdraget, er bonden og Senterpartiet, begge berre brikker for å oppnå noko større, i dette tilfellet tryggleik, trivsel og velferd for alle nordmenn!
Vi er no komne i ein situasjon der bonden, som er sett til å utføre samfunnsoppdraget, gir opp. Han er pressa på tid, på krefter og på økonomi. Dei bøndene som enno står i det, jobbar 24/7/365, for ei betaling som ligg under halvparten av det folk flest tener. Samtidig tømst bygdene for folk, jorda gror igjen og Noreg held fram å importere meir enn halvparten av matbehovet.
Dette skjer i ei uroleg tid, der krigen kryp nærare, og der det militære forsvaret mangedoblar budsjetta til kuler og krut. Bonden sin rolle i dette bildet vert oversett i ein slik grad, at det er freistande å spørje om det er berre i fredstid vi treng mat? Det utrulege er, at dette paradokset utfoldar seg på Senterpartiet si vakt. På ei vakt der Senterpartiet har styring og kan endre kurs, men der den politiske viljen synest å mangle!
Vi tre reagerer sterkt på at partileiinga og regjeringa ikkje lyttar til faglaga i landbruket, men ope protesterer imot at bonden skal kunne få ei anstendig betaling for innsatsen og levekår som anna folk. Det meiner vi er respektlaust. I ein heil mannsalder har vi bore det grøne kløvermerket på jakkeslaget med byrgskap og frimod. No er dette i ferd med å endre seg til skam. Skam over at Senterpartiet let kjerneveljarane sine i stikka i ein lagnadstime for land og folk. Mange kjenner på det same. Det går rett og slett på tilliten laus.
Dersom Senterpartiet ikkje bytter ut Høgre og Venstre med Krf og parti på venstresida når saka kjem til stortinget, trur vi det vil slå brutalt tilbake på oppslutninga. I denne saka er det Senterpartiet sitt grunnstoff og DNA som står på spel. Ver difor snill å snu!
Arne Sandnes
Kristin Sørheim
Jan Ove Tryggestad