Oppmøtet var gledeleg stort – rundt femti menneske møtte! Programmet hadde tydeleg frista mange. Leiar Anne Nygård ønskte velkomen og orienterte mellom anna om besøk av Teateret vårt med “Kongen av Veøy” og besøk av ergoterapeut på oktobertreffet.
Unn Linge Valdal hadde Ord for dagen med eit skriv av Lilly Sandnes: Norddalsbru og 2000 års feiring. Her tok Lilly til orde for at folk frå ulike bygdelag skulle møtast oftare, ha fleire felles tilstellingar. Ein tanke som kan vere like aktuell i dag.
Frå Kniven til Kastet
Liv Randi Bjørlykke kåserte fengande om strandgarden Kastet og menneska som hadde budd der. Morsslekta hennar kom frå Kastet. Ho starta med å fortelje at eigarane hadde vore i Amerika og tent seg opp pengar. I 1890 vart det difor bygd nytt bustadhus med tregolv og det vart innlagt vatn i fjøs, løe og kjøkken, men det vart ikkje utslagsvask. Huset hadde to stover, men bestestova vart berre brukt når det kom storframande til gards. Garden var rekna for å ha beste eplehagen innafor Skotet.
Bonden Karl Elias hadde fire døtre og ein son, Johannes. Folket var dyktige og arbeidssame – i 1842 var bonden på Kastet nummer to som ordførarkandidat.
På Kastet var dei glade i mat, og dei var godt i hold. Om sommaren kunne der vere 15 til bords, medrekna alle drengane. På Kastesetra og på sjølve garden var det alltid mange oppgåver som venta. I 1920 vart det bygd høgspent kraftlinje langs heile Kastestranda heilt ut til Ålesund. Strandgardane fekk ikkje tilført kraft, men Tafjord Kraft gav kai og ny sjoaveg til Kastet.
Folket på Kastet og på grannegarden Korsnes var ulike av lynne. På Korsneset var dei meir lettliva, flinke til å spele og syngje, medan dei på Kastet var meir turrvittuge. I kammerset til Karl Elias hang tre bilete: Eitt av broren Nils som for til Amerika og aldri frettest meir. Eitt av Nils Astrup som reiste til Zululand for Scrødermisjonen. Han var prest i Dalsbygda då Karl Elias var konfirmant. Eitt av Karl Johan Ringstad pølsemakar frå Stranda som handla varer frå Kastet.
Knut Knutsen Kniven, bestefar til Karl Elias, vaks opp på garden ved dei sju systrer. Men han vart ikkje fast på Kniven. I jula eit år bytte han bort garden og flytta med kone og sju born til Årset. Seinare vart dei paktarfamilie på prestegarden. Så vart Botnen i Dalsbygda kjøpt og oppdyrka. Karl Elias gifta seg med Malene frå Gjert-garden. Onkel og tante til Malene dreiv Kastet. Dei leitte etter nokon til å overta, og slik vart det Karl Elias og Malene som fekk tilbodet og flytta dit.
Dottera Karoline med ektemann Laurits Ruset bygde seg nytt stovehus på Kastet og skulle drive garden vidare. Men far og svigerson gjekk dårleg ihop, og seinare då garden vart nedlagt, flytta Karoline og Laurits til Solbakken i Fjørå.
Musikk, dans, kaffi og noko å bite i
Valldal spelemannslag gledde oss med fin musikk gjennom heile kvelden. Dei møtte opp med fem feler, to trekkspel og to gitarar. Dei har medlemer frå mange bygdelag: Vaksvika, Liabygda, Eidsdal Norddal, Fjørå og Valldal. Først starta dei opp med valldalsslåtten Jonsoknatta av Martinus Hoel. Seinare kom mellom anna Berlivalsen og polka etter Petter Berli, fleire reinlendarar, Tafjordspringaren, Brudkullans vals og polkaen Mustasj av Ingunn Linge Valldal. Laget fekk med seg folket i allsong, og nokre danseglade fekk også svinge seg litt. Spelemannslaget skaper god stemning, det er alltid kjekt å få ha dei med.
Møtevertar denne gongen var medlemer frå Lingåsen og Sylte. Dei stod for kaffikoking og servering av rundstykke og sjokoladekake. På grunn av stort oppmøte vart det hasteinnkjøpt litt ekstra snop til kaffien, noko som forsvann fort. Det er alltid litt vanskeleg å vite kor mykje mat som trengst, men alt gjekk bra, folk kosa seg og prata, og fleire takka for ein kjekk kveld.
Så sluttar vi av med oppmodinga frå Haustkonferansen i år: Be folk om å melde seg som medlem i Pensjonistforbundet.
Mange medlemer gjer laget sterkare når pengar skal fordelast ut!