Fjørå og Valldal pensjonistlag inviterte til informasjonskveld 24. oktober med ergoterapeut Gry Bente Stranden og koordinator Turid Engeseth Løvoll. Tema var ”Leve heile livet” eller som det heiter no ”Bu trygt heime”. Bustader kan ordnast slik at folk kan bu heime lenger, og då kan ulike hjelpemiddel takast i bruk.
Stranden var først ute med orientering: I helse og omsorg skil ein mellom kortvarige hjelpemiddel – opp til to år – og langvarige – over to år eller i slutten av livet. Ho snakka om hjelpemiddel for bevegelse, syn, hørsel. kognisjon, og kombinert sansetap. Det er viktig å vete kva aktivitetar det trengst hjelpemidlar til, arbeid, husarbeid, omsorgsoppgaver til dømes. Nokre hjelpemiddel kan kommunen skaffe, andre må ein søkje NAV om.
Ergoterapeuten er også syns- og hørselskontakt for mellom andre barn i skule og barnehage. Hjelpemiddel kan vere mellombels bruk av rullator. rullestol, dusjkrakk, toalettforhøyar etter ein operasjon, men dette kan også vere varig hjelp for mange menneske. Stranden lista opp mange nyttige hjelpemiddel, og ikkje alle var like kjende. Her er nokre: varsel om brann, også for tunghøyrde – brannvarsler, komfyrvakt, varsel om fall eller opphaldsplass – smartklokke, GPS, hjelp i trapp – to rekkverk, lyssetting av trappesteg, hjelp til å snu seg i senga – glilaken, hjelp til å ta opp ting frå golvet – gripetang, hjelp til å høyre betre – samtaleforsterkar, hjelp til å halde utetrappa isfri – matte kobla til straum.
Turid Engeseth Løvoll orienterte vidare om velferdsteknologi. Det handlar om menneske og alle tekniske løysingar som kan hjelpe og dekke heile livsløpet til unge og eldre. Målet er å kunne klare seg heime lenger. Ho nemnde også fleire hjelpemiddel som kunne vere nyttige å ha: robotstøvsuger, robotplenklippar, fjernkontroll til lys og varme, dørsensor, tryggleiksalarm, comp – ringing med skjerm, medisindispensar, videokonsultasjon – kontroll heime, ein slepp å reise til sjukehus eller lege.
Nokre hjelpemiddet høyrer til under helseteknologi, andre under velværeteknologi. Velferdsteknologi er i startgropa i Fjord kommune. Løvoll vil gjerne møte seinare ein gong, når Fjord har teke fleire hjelpemiddel i bruk.
“Nabolaget” møtte opp og gledde møtelyden med song og musikk. Dei var først i sving og starta møtet med allsong, “Jærbulåten” og ein Evert Taube-melodi for å nemne noko. Andre avdeling kom etter maten med fleire fine låtar, mellom anna ”Rosa på ball” og ”Brunkullans vals”. ”Lys og varme” av Åge Aleksandersen vart ein varmande allsong. Spelemennene vart takka og helsa velkomne att!
Møtevertane denne gongen var medlemer frå Tafjord og Døving. Dei stilte med rundstykke og gulrotkake, og det smakte godt!
Åresalet er obligatorisk, og som ein sa, når medlemene kjøper gevinstar, er utvalet mest variert.
Neste oppmøte blir julemøte 28.november. Då er det styret som kjøper gevinstar, med litt smak av jul kanskje. Det blir påmelding til julemøte.