Ein trufast lesar i Storfjordnytt sitt nedslagsfelt, melder om stadvis stor skredfare, ja faktisk skredgaranti, i Tafjord.
Mannen, som vil vere anonym, seier at det no er so staurfarleg å ferdast oppunder hamrane at ein verkeleg bør vurdere om det er naudsynt.
Han legg til at både kattane på garden og kjæringa no står i tjor og at evtuelle skigåarar, kongleplukkarar og andre skrullingar heller kan reise austafjells.